mini|Dender i Aalst

Dender (fransk Dendre) er ei 65 km lang elv i Belgia, og ei av sideelvene til Schelde frå høgre. Elvene renn i saman i den belgiske byen Dendermonde.

Den Vestre eller Litle Dender har utspring nær Leuze-en-Hainaut i ei høgd om lag 60-70 meter over havet. Kjelda til Austre Dender er nær Jurbise i ei høgd om lag 100 meter over havet. Dei to elvene møtes nær byen Ath. Lengda til Vestre Dender ned til Ath er 22 km, medan Austre Dender er 39 km lang. Frå desse to renn i hop og vidare heiter elva Dender. Frå Ath renn elva vidare gjennom Geraardsbergen, Ninove, Denderleeuw, Aalst og til slutt ned til Dendermonde. Dender er framkomeleg for små skiper.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dendre» frå , den 16. februar 2007.

Bakgrunnsstoff http://www.de-vloot.be/denderhistoriek.htm

Kategori:Elvar i Belgia