mini|Kart over Andorra mini|Satellittbilete av Andorra
Andorra er med ei flatevidd på 468 km² eitt av verdas minste land. Mesteparten av Andorra er kupert fjellterreng, og landet har ein gjennomsnittshøgd over havet på 1 996 meter. Tre smale dalar går saman til Valiraelva, som er det lågaste punktet i Andorra med 870 meter over havet. Elva går vidare inn i Spania.
Landet har eit temperert klima, men noko lågare temperaturar enn grannelanda på grunn av høgda, så det kjem gjerne snø om vinteren. Sommaren er derimot tørr og varm.
Posisjon Sørvest-Europa, mellom Frankrike og Spania Koordinatar
Kartreferanse Europa Flatevidd Totalt: 468 km² Land: 468 km² Vatn: 0 km² Landegrenser Totalt: 120,3 km Grenseland: Frankrike 56,6 km, Spania 63,7 km Kystlinje 0 km (omgitt av land) Klima Temperert; kalde vintrar med snø, og varme, tørre somrar. Terreng Kupert fjellterreng med smale dalar Høgder Lågaste punkt: Riu Runer 840 m Høgaste punkt: Coma Pedrosa 2 946 m Naturressursar Vasskraft, mineralvatn, tømmer, jernmalm, og bly. Arealbruk Dyrkande jord: 2,2 % Permanente avlingar: 0 % Permanente beite: 45 % Skogområde: 35 % Andre: 16 % (1998 estimat) Naturskadar Laviner, snøras Miljøspørsmål Avskoging; overbeiting av fjellbeite fører til erosjon, luftforureining, kloakkbehandling og disponering av fast avfall. Internasjonale miljøavtalar Medlem av: Miljøfarleg avfall
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Geography of Andorra» frå , den 12. februar 2007.
Kategori:Geografi etter land Kategori:Europeisk geografi etter land