Arne Hjeltnes () er ein norsk fjernsynspersonlegdom og forfattar som først og fremst er kjend som programleiar for «Gutta på tur»-konseptet saman med Bjørn Dæhlie, Vegard Ulvang og Arne Brimi som gjekk på TV 2 frå 1994.

Som son av ein lege har han budd på ni ulike stader i Noreg, men vert nok først og fremst samanbunde med Voss grunna dialekten hans.

Hjeltnes har ein mindre eigarpost i Kagge forlag.

I ungdommen var Hjeltnes leiar i Voss Unge Høgre. Våren 2010 kom han tilbake til politikken som landsmøtevald medlem av sentralstyret til Høgre.

Bibliografi Den sumaren eg fylte diesel (1993, 1998) 549 tv-heltar frå Lille Rosin til Harry Klein (1994) Utan mat og drikke (1995) Når skaldyret vaknar (1995) Turen går til utlandet (1996) Gutta på tur (1997) Gutta på tur (1999) Mysterier fra fortiden (2001) Guttas greatest (2001) Barn – ingen hindring (2002), med Cathrine Gehrken Yst! (2003) En snømann går i land (2004) Alt for Noreg, fagbok, Kagge Forlag (2006) Ivar Nimme (2010) Nye og gamle dikt i skjønn forening : 39 år med dikt, lyrikk, Kagge Forlag (2013) Stupetårnet, roman, Kagge Forlag (2014) Ein mann å halda i, lyrikk, Kagge Forlag (2015)

Prisar og utmerkingar Kringkastingsprisen for 2003

Kjelder

Kategori:Norske fjernsynsfolk Kategori:Norske programleiarar Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Programleiarar for TV2 Kategori:Forfattarar frå Hordaland Kategori:Folk frå Voss