mini|Politikaren Bjørg Tørresdal. Bjørg er eit kvinnenamn med opphav i det norrøne ordet bjǫrg, som tyder 'berging', 'hjelp' eller 'vern'. Namnet har vore mykje brukt som etterledd i samansette namn, som til dømes Ingebjørg, Oddbjørg og Torbjørg, og kan vere ei kortform av slike namn.
I Noreg har Bjørg namnedag 11. juni.
Bruken av namnet Bjørg i Noreg Namnet var svært populært i tida 1920-1950; bruken har gått sterkt attende dei siste tiåra.
I folketeljinga i 1801 skreiv ikkje teljarane ned nokon med namnet Bjørg eller med kvinnenamn som inneheldt leddet Bjørg-. I 1900 oppgav 22 kvinner at dei heitte Bjørg, medan 3 700 oppgav namn som slutta på Bjørg. I dag er det nær 20 000 som har Bjørg til første fornamn.
Namneberarar Björg Þorláksdóttir (1874-1934), fyrste kvinnelege islending med doktorgrad Bjørg Lødøen (f. 1931), norsk kunstmålar og komponist Bjørg Vik (f. 1935), norsk forfattar Bjørg Askelund (1935-1991), norsk lektor og barnebokforfattar Bjørg Simonsen (f. 1937), norsk politikar Bjørg Jønsson (f. 1940), norsk forfattar Bjørg Hope Galtung (f. 1942), norsk stortingspolitikar Bjørg Tørresdal (f. 1958), norsk stortingspolitikar Bjørg Eva Jensen (f. 1960), norsk skøyteløpar og OL-vinnar Bjørg Øygarden (f. 1960), norsk psykolog og forfattar
Bjørg som namnedel
Kjelder Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget
Folketeljingar i Digitalarkivet
Kategori:Kvinnenamn Kategori:Namn knytte til vern Kategori:Førenamn av norrønt opphav