Førde Internasjonale Folkemusikkfestival eller Førdefestivalen er ein årleg festival i Førde i Sogn og Fjordane der temaet er internasjonal folkemusikk og verdsmusikk. H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit er festivalen sin høge beskyttar.
Arrangement Førde Internasjonale Folkemusikkfestival blei arrangert for første gong i 1990. Festivalen føregår kvart år frå torsdag til søndag i veke 27, og har sidan 2005 hatt status som knutepunktfestival.
Festivalen sin hovudarena er Førdehuset, der festivalen tek i bruk både idrettshall, kinosal, teatersal, festsal og foaje for sine konsertar. I tillegg vert det arrangert konsertar på Rica Sunnfjord Hotel & Spa, i Førde Kyrkje og på Festplassen ved Jølstra. Det er også konsertar utanfor Førde, til dømes på Jølstramuseet på Vassenden, Rytne Gard i Bygstad og Klokkargarden i Dale i Sunnfjord.
Artistar Førdefestivalen er det største fleirkulturelle arrangementet i Noreg, og den største festivalen for folkemusikk og verdsmusikk i Skandinavia. Kvart år presenterer festivalen rundt 250 artistar frå 25 land. Føremålet for festivalen er å fremje norsk og internasjonal tradisjonsmusikk/folkemusikk/verdsmusikk.
Dei fire dagane festivalen varer, vert det presentert mellom 80 og 100 arrangement, med rundt 250 profesjonelle musikarar frå meir enn 25 land. Sidan starten i 1990 har over 5000 artistar frå over 100 land stått på scena i Førde.
Internasjonal merksemd Kvart år frå 2010 har Førdefestivalen vore på musikktidsskriftet Songlines si liste over dei 25 beste internasjonale verdsmusikk-festivalane i verda. I 2014 kom festivalen også med på den britiske storavisa The Guardian si liste over dei ti beste småbyfestivalane i Europa. I 2015 kom festivalen på National Geographic Travel si topp-sju-liste over dei festivalar dei tilrådde i Europa.
Årlege tema Festivalen har kvart år eit hovudtema: 1990: Aust-Europa 1991: Urbefolkning og minoritetar 1992: Afrikanske røter 1993: Sigøynarmusikk 1994: Det fjerne Østen 1995: Musikk ved Middelhavet 1996: Sør for Sahara 1997: Latin-Amerika 1998: Europeiske minoritetar 1999: Musikk ved Svartehavet 2000: Den Keltiske Familie 2001: Musikk langs Silkevegen 2002: Frå fado til flamenco 2003: Europeiske stemmer 2004: Saludos del Caribe! 2005: Klangar frå Det kaspiske hav 2006: Brasil! Brasil!! 2007: Émotions françaises 2008: Dialogue 2009: World Voices 2010: FRIDOM og undertrykking 2011: Women's World 2012: Coexistence - Sameksistens 2013: Musikk & Natur 2014: Lokal - global i 25 år 2015: World ConneXions
Stifting Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er ei stifting med følgjande medlemer:
Sogn og Fjordane fylkeskommune Førde kommune Sunnfjord Næringsutvikling Førde ungdomslag Indre Sunnfjord Spelemannslag Sogn og Fjordane Folkemusikklag FolkOrg
Styret Per 26. mai 2014 består styret av:
Styreleiar: Kristin Hille Valla Nestleiar: Ivar Svensøy Styremedlemmar: Mari Andrea Ness, Trude Skarvatun, Arild Herstad, Arne M. Sølvberg, Eva Kristin Svidal Varamedlemmar: Margunn Masdal, Gabriela Lukassen, Trond Ueland, Magnus Hope, Synnøve Bjørset, Dagfrid Vallestad Brevik.
Tilsette og frivillige Festivalen har 5,6 årsverk. I tillegg til dette legg 350 frivillige ned over 3500 dugnadstimar kvart år for festivalen.
Dei tilsette per 26. mai 2014: Direktør: Hilde Bjørkum Økonomi- og administrasjonssjef: Lene Grande Kommunikasjonssjef: Torill G. Faleide Produsent: Ingebjørg Nomeland Arrangementssjef: Sølvi Lien Kontormedarbeidar/ billettansvarleg: Fride H. Haugen
Bakgrunnsstoff Vevsidene til Førdefestivalen H.K.H. Kronprinsessas beskyttarskap Bjørkum, Hilde (2012) Knutepunktordninga – framtidsretta kulturpolitikk? The Songlines guide to the best festivals of 2014. Førdefestivalen får internasjonal merksemd i jubileumsåret
Kategori:Kultur i Sunnfjord Kategori:Musikkfestivalar i Vestland Kategori:Skipingar i 1990