Enns er ei elv i Austerrike og ei av dei sørlege sideelvene til Donau med ei lengd på 254 km.

Geografi Enns har sitt utspring i fjella Radstädter Tauern i delstaten Salzburg. I ein dal som vart danna under den siste istida, renn ho austover på grensa mellom Dei nordlege kalksteinsalpane og Dei sentralaustlege Alpane gjennom Steiermark der ho passerer Dachsteingruppa i sør. Mellom Admont og Hieflau snur elva nordover og passerer gjennom Gesäuse, eit gjel med ei lengd på 15 km i Ennstaleralpane. Ho renn så inn i Øvre Austerrike ved munningen av Laußabach. Nord for Steyr dannar ho grensa mellom Øvre Austerrike og Nedre Austerrike. Til slutt renn ho ut i Donau ved Mauthausen og landsbyen Enns.

Enns får vatn frå eit område på om lag 6 000 km², som er det femte største nedslagsfeltet i Austerrike. Middelvassføringa ved munningen er 201 m³ per sekund.

Soge På midten av 1800-talet vart det bygd kanalar langs det 70 km lange strekket mellom Weißenbach og Gesäuse for å bruke vatnet til jord- og skogbruk.

Totalt er det ti kraftverk knytte til elva, og dei genererer totalt 345 megawatt straum.

Byar og landsbyar langs elva i Salzburg Radstadt i Steiermark Schladming Gröbming Liezen Selzthal Admont

i Øvre Austerrike Großraming Ternberg Garsten Steyr Enns

Sideelver Dei viktigaste sideelvene er Palten, Salza og Steyr.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Enns River» frå , den 6. februar 2007.

Kategori:Elvar i Austerrike Kategori:Sideelvar til Donau