Det norske kvinnelandslaget i fotball representerar Noreg i internasjonal kvinnefotball. Landslaget spelte sin fyrste kamp i 1978, og har sidan delteke i seks VM, tre OL og ti EM. Noreg har vunne samtlege av desse tre turneringane, og EM to gongar. I tillegg har Noreg også sølv i VM og EM og bronse i OL, og er dimed eit av dei mest suksessfulle kvinnelandslaga i verda.

Noreg begynte relativt seint i skandinavisk målestokk med landslag for kvinner, og brukte tida fram til midten av 1980-talet på å etablere seg. Men frå 1987 av vart Noreg eit topplag då dei vann EM, og året etterpå eit uoffisielt VM. Storheitstida til Noreg, reint medaljemessig, strekte seg frå 1987 til 2000, der alle gullmedaljane kom. Sidan var Noreg sjeldnare i toppen i dei interkontinentale meisterskapane, men i EM var Noreg oftare i semifinale og finale.

Norge begynte relativt sent i skandinavisk målestokk med landslag for kvinner, og brukte tiden frem til midten av 1980-tallet på å etablere seg. Fra 1987 av ble imidlertid Norge et topplag da de vant EM, og året etterpå et uoffisielt VM. Norges storhetstid rent medaljemessig strakk seg fra 1987 til 2000, der alle gullmedaljene kom. Siden var Norge sjeldnere i toppen i de interkontinentale mesterskapene, men i EM var Norge oftere i semifinale og finale.

Noreg speler ikkje landskampane sine på ein fast stadion, men rullerer hovudsakleg på Austlandet etter å ha spelt på ein rekkje stadion.

Resultat i internasjonale turneringar Resultata som er vist under er berre turneringar der Noreg har delteke. Turneringar dei ikkje har tatt del i er ikkje førte opp.

Olympiske leikar 1996: Bronse 2000: Olympisk meister 2008: Kvartfinale

Verdsmeisterskap

1991: Sølv 1995: Verdsmeister 1999: 4.-plass

2003: 4.-plass 2007: Kvartfinale 2011: Gruppespel

2015: Åttandedelsfinale 2019: Kvartfinale

Europameisterskap

1987: Europameister 1989: Sølv 1991: Sølv 1993: Europameister

1995: Semifinale 1997: Gruppespel 2001: Semifinale 2005: Finale

2009: Semifinale 2013: Finale 2017: Gruppespel 2022: Gruppespel

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Profil hos FIFA.com Profil hos UEFA.com

Kategori:Fotball i Noreg Kategori:Vinnarar av Fearnleys olympiske ærespris Kategori:Olympiske meistrar for Noreg F N