Wolfgangsee er ein innsjø i Austerrike. Mesteparten av innsjøen ligg i delstaten Salzburg, og er ein av dei av dei mest kjende innsjøane i Salzkammergut-regionen. Av landsbyar rundt innsjøen finn ein Strobl, Sankt Gilgen med forstadane Abersee og Ried i delstaten Salzburg, og St. Wolfgang i delstaten Oberösterreich. Sankt Gilgen-delen av Wolfgangsee vert kalla Abersee. Innsjøen har eit areal mellom 12,9 og 13,1 km².

Innsjøen er heilt omringa av fjell, og i sør og sørvest ligg Osterhorngruppe, ei fjellrekkje på om lag 1 800 m. Rett sør for St. Gilgen stig fjellet Zwölferhorn til 1 521 m, som ein kan vitje med ei kabelvogn.

På nordsida av innsjøen ligg Schafberg. Ein tannbane kalla Schafbergbahn går opp til toppen av fjellet som er 1 782 m.

thumb|center|upright=3.0|Wolfgangsee

Kategori:Innsjøar i Austerrike