Ola Raknes () var ein norsk psykolog, filolog og faglitterær forfattar. Han var internasjonalt kjend som psykoanalytikar i reichiansk tradisjon, og han har vorte omtala som ein som heile livet sitt arbeidde med idéformidling gjennom mange språk og mellom ulike erkjenningsmessige referansesystem, vitskap og religion (Dannevig, 1975), og han var store delar av liv sitt ein aktiv samfunnsdebattant. Han vert òg gjeven stor vellæte for å ha medverka til å styrkja og berika det nynorske målet og den nynorske ålmenta.
Raknes var kjend som ein grundig filolog og ein omstridd terapeut. Han var internasjonalt kjent som ein av den austerrikske psykoanalytikaren og naturforskaren Wilhelm Reich sine næraste elevar og forsvararar.
Familie Ola Raknes var son av gardbrukar Erik Askildson (Askjellson) Raknes (1856–1926) og Magdali Olsdotter (fødd Raknes) (1859–96) og voks opp på slektsgarden Raknes i Hamre på Osterøy i Osterfjorden i den bergenske skjergarden i eit strengt pietistisk miljø. Han var gift to gonger: i sitt første ekteskap frå 1911 med Aslaug Vaa (1889–1965, ekteskapet oppløyst i 1938) fekk dei saman borna Magli (1912–1993), Anne (1914–2001), Tora (1916 – 1995), Tor og Erik. Ekteskap nummer to i 1941 med Gjertrud Bonde (fødd 1913) gav han dottera Ada.
Studiar og arbeid side om side Ola Raknes gjekk på folkeskule på nabogarden og jobba så ei tid på garden heime og med fiske som han òg hadde hadde gjort sidan. Han gjekk på middelskulen i Volda. Av di foreldra ikkje hadde råd åleine, vart naboane med og spleisa så han fekk byrje på skule i Bergen (Fossum, 1975), og han tok eksamen ved Hambros skole i 1904. Examen artium tok han som privatist ved Kristiania katedralskole i 1907. Vinteren 1907–08 drog han med sjøelefantfangarbåten Solglimt til Crozet-øyane langt sør i Indiahavet for å samle planter og dyr for universitetet i Kristiania. Ein levermose, Jamesonella raknesii, er oppkalla etter han. Somrane frå 1910 til 1916 gjorde han militærtenesta si.
Ola Raknes tok forskjellig lærararbeid i åra frå 1910 til 1914 og arbeidde som journalist frå 1914 til 1916 i avisa Den 17de Mai samstundes som han fortsette studiane sine. I tillegg jobba han i denne perioden som hotellmann. I 1915 tok han cand. philol. språkleg-historisk embetseksamen med norsk hovudfag og fransk og engelsk sidefag. Hovudfagsavhandlinga skreiv han om Egil Skallagrimsson. I 1916 var han overlærar ved Larvik høiere skole i eitt år. I 1917 fekk han ei stilling som lektor i norsk språk og litteratur ved Sorbonne-universitetet i Paris, og han nytta dei fire åra her flittig ved å studere generell psykologi, religionspsykologi, biologi, sosiologi og vidare mellomalderlitteratur, mellomalderfilosofi og teologi ved sidan av lærarstillinga si. Han fortsette desse studia da han etter Sorbonne byrja i stillinga som norsk lektor ved University College i London der han var frå 1921 til 1922.
Ola Raknes sin kapasitet til arbeid var kjend i vide krinsar, og i ein periode jobba han både som lektor ved Oslo katedralskole (1922–1927) og skøytte vervet som sekretær i Det Norske Samlaget, samstundes som han jobba med ordboka og førebudde doktorgradsavhandlinga si i religionspsykologi, Møtet med det heilage. Ein etterrøknad um det psykologiske grunnlaget for religion, som kom i 1927. Avhandlinga, som òg var utgjeven i bokform (boka vart utgjeven på ny på 70-talet), undersøkjer fenomenet religiøs ekstase i ljos av det som da var nyare funn og teoriar innan etnologi og særleg psykologi og psykoanalyse. I 1924 tok han i tillegg eksamen i pedagogikk. Ved sidan av dette arbeidde Raknes som omsetjar. Raknes studerte psykoanalyse ved Berliner Psychoanalytische Institut 1928-29 og ved Orgone Institute i New York 1946. Frå 1929 dreiv han privat praksis som psykoanalytikar. Han gav ut ein del populærpsykologiske artiklar som han samla i Fri vokster som kom ut i 1949.
Arbeidet for nynorsken I mai 1908 vart studenten Ola Raknes styrar og altmoglegmann for Norskt Maalkontor, og i jobben som han hadde fram til oktober 1910 tok han seg av sal av bøker og det administrative arbeidet for Det Norske Samlaget. Han vart ei drivande kraft bak så vel bokutgjevingar som -sal og fekk orden på rekneskapane som ikkje hadde vorte ført på tre år. Som laget sine første skrivar var han dimed med på å byggje opp Samlaget sin første eigentlege administrasjon i den perioden da nynorsk bokutgjeving så smått var byrja stå på eigne bein.Skard, 1975 Ola Raknes gjekk med i Studentmållaget i Oslo, som var skipa i 1900, og fekk der ei sentral rolle, mellom anna vart han vald til formann i 1913, men måtte seie frå seg vervet. Seinare var han der ein flittig nytta føredragshaldar både på 1920- og 1930-talet. Allereie som student gav Ola Raknes ut Fransk-norsk ordliste. Etter at han kom heim frå London tok han fatt på arbeidet med Engelsk-norsk ordbok som vart utarbeidd mellom 1922 og 1927. Denne og Fransk-norsk ordbok som vart skriven mellom 1939 og 1942 vart båe skrivne for Samlaget si skuleboknemnd, der Raknes sat i styret frå 1915 til 1917.
Ola Raknes var ein elskar av dikting, og saman med I.C. Grøndahl gav han i 1923] ut den første moderne norske litteraturhistoria på engelsk. Han vart ein omtykt omsetjar, både av vitskapleg og kunstnarleg prosa. Han hadde det filologiske tilsynet med Henrik Rytter si ti-binds Shakespeare-omsetjing. Om dei to ordbøkene Ola Raknes gav ut, skriv Sigmund Skard at dei langt frå å vere reine glosesamlingar var svært personlege arbeid som igjen spegla Ola Raknes si leiting etter identitet. Skard held dette arbeidet opp mot Ivar Aasen si gjerning to mannsaldrar tidlegare. Aasen hadde arbeidd seg gjennom heile ordtilfanget i norsk folkemål og halde det opp mot eit anna nordisk språk. Skard skriv at Raknes «med mektig innlevingsevne tok opp i seg verdiene i to av de største og eldste europeiske kulturmål, eigna til seg alt dei åtte, frå fortid til notid, og konfronterte det med sin eigen språkarv og si personlege språkkjensle. Til kontroll drog han inn den levande notids-talen i eit av dei rikaste austnorske bygdemåla, i samarbeid med første kona si, diktaren Aslaug Vaa, og far hennar, bonde Tor Vaa. I ei lang framtid vil desse bøkene vera til dagleg gang for alle som arbeider med det norske målet.»
Både skuleboknemnda og i nokon mon òg folkeskriftnemnda som han òg var medlem av frå 1911, fungerte som skular i forlagsdrift der studentane måtte syte for alt det som høyrde til det å gje ut bøker: marknadsvurderinger, redaksjonelle vurderingar, forfattarrekruttering, praktisk redaksjonelt arbeid, avtaler med forlag eller trykkeri, distribusjon, marknadsføring og økonomi. Ordbøkene til Ola Raknes fekk omdøme for å vere så omhyggjelege at sjølv dei mest uprentelege tabuord var tekne med, og dei vart viktige reiskapar i den nynorske kulturkampen. Frå 1922 til 1930 arbeidde han igjen for Samlaget, nå som sekretær for styret, i praksis var han forlagssjef. Ola Raknes omsette òg fleire skjønnlitterære og vitskaplege verk til nynorsk. Han la og ned eit stort arbeid i den filologiske og psykologiske terminologi i nynorsk. Raknes engasjerte seg sterkt i målrørsla, i det medrekna høgnorskrørsla, og han var eit av medlemmene da Norsk Måldyrkingslag vart skipa i 1928.
Frå barndom til ung vaksen alder Religiøs lengsle Ola Raknes var alt frå tidleg barnsbein av sterkt oppteken av religionen. Særleg var det tanken om og otten for helvete grubleria krinsa om. Ein gong mellom sju og elleve års alder byrja han å undre seg over det dei frelste fortalde om at dei ved å venda seg om hadde fått, eller fått del i, eit nytt og betre liv, eit liv som dei uomvende ikkje kjende til og ikkje kunne skjøne. Han hadde ei vag kjensle av at dei på ein eller annan måte hadde rett, men på same tid meinte han at dei òg tok feil. Det sat i han eit uklårt minne om at han ein gong hadde opplevd dette livet, som han sjølv sa frå han var 3–4 år gammal, da han var kyrkjebyggar. Seinare meinte han dette måtte ha vore han sin barnlege måte å uttrykkje at han hadde kjent eit anna liv før. Frå tiårsalderen av og i fleire år frametter freista han så å kome i kontakt med dette andre livet. Han gjekk på oppbyggjelege møte i bygda, og han gjekk òg ofte i kyrkja, sjølv om han likt dei frelste meinte at akkurat det var mindre viktig fordi det var mindre sannsynleg at ein religiøs omvending skulle byrje der. Det var ein konstant otte for å hamne i helvete som dreiv han, for dit var han viss på at han ville hamne om han ikkje lukkast med å finne fram til det nye livet.
Til tross for alt sitt strev lukkast det han aldri å oppnå omvending. Han kjende det ville vere uærleg dersom han, slik ein del av kameratane hadde gjort, stod opp og vitna om at han hadde fått nåden, og han var dessutan i sterk uvisse om alle dei som vitna såleis var heilt ærlege. I tilbakeblikk tenkte Raknes at noko av det som heldt han attende må ha vore frykta for å gje slepp.
Oppdaga determinismen I juleferien før han fylte sytten kom han over eit lite hefte om determinismeFlem, Ivar: Mennesket naturbestemt eller determinismen Høvik, Bibliothek for de tusen hjem (1891) Med unnatak av nokre populærvitskaplege artiklar av G.H Armauer Hansen var dette det første han las som fekk han til å tvile på dei religiøse lærdomane han inntil da hadde motteke. Sjølv om han skulle gløyme mesteparten av innhaldet i heftet, fekk det han til å finne trua på eit evig helvete meiningslaus, og det gav han òg mot til å stole mykje meir på sine eigne tankar og kjensler enn han nokon gong tidlegare hadde våga. Da han litt seinare fortalde bestevenen sin, seinare amtskulestyrar Per Erdal, om sitt nye syn på helvete, var det ei glede å høyre at venen var einig med han. Etter dette slapp interessa for religion taket i Ola Raknes i fleire år, og interessa for eit liv etter døden forsvann for aldri å komme attendei alle høve var den ikkje komen attende da han skreiv den sjølvbiografiske artikkelen i 1950
I åra før og etter at han som tjueåring tok artium, var det vanleg blant kameratane å fleipe og drive ap med både religion, filosofi og psykologi som nærmast vart rekna for overtru eller leik med innhaldslause omgrep. Raknes opplevde at slike emne ikkje var noko for ein som hadde tenkt å gjere noko nyttig med livet sitt, og det hadde han. Da han etter artium byrja å studere filologi, håpa han at han i dei mål og litteraturar han studerte kom til å finne eit felt der han kjende at han hadde ei oppgåve. Men same kor interessante mange emne tyktest vere i byrjinga, var det ingen som baud han noko oppgåve han kunne gå opp i. Og på same måte opplevde Ola Raknes det med kvinnene: Han møtte mange han likte og mange som han i ettertid nok trur òg likte han, men på den tida kjendest det som om inga kvinne kunne kome til å verte glad i han. Enda det var kva han lengta etter mest av alt.
Forelsking og første ekteskap