mini|Madlamark kyrkje er prostikyrkja i Ytre Stavanger prosti. Ytre Stavanger prosti er eit tenestedistrikt i Stavanger bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten har sete i Madlamark. Prostiet vart oppretta 1. januar 2006, då 5 sokn frå Tungenes prosti (Madlamark, Hafrsfjord, Sunde, Tasta og Vardeneset) og 3 sokn frå Stavanger domprosti (Hinna, Hillevåg og Gausel) vart slått saman til eit nytt prosti. I denne prosessen i bispedømmet vart og gamle Karmsund prosti delt i nye Haugesund prosti og Karmøy prosti.

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn.

Prostiet var tidlegare inndelt i prestegjeld og sokn. Prestegjelda vart fasa ut av Den norske kyrkja frå 2004 med Nærøy prosti i Nidaros bispedømme som det fyrste til å leggje om til nyordninga 17. juni 2004. Frå 2012 gjekk det også ut av lovverket.

Sokn i Ytre Stavanger prosti Per 2026 var det tolv sokn i prostiet: Gausel, Hesby, Hillevåg, Hinna, Hafrsfjord, Madlamark, Rennesøy, Sjernarøy, Sunde, Talgje, Tasta og Vardeneset.

Tidlegare prestegjeld og sokn i Ytre Stavanger prosti

Madlamark prestegjeld med Madlamark sokn

Hafrsfjord prestegjeld med Hafrsfjord sokn Sunde sokn

Tasta prestegjeld med Tasta sokn Vardeneset sokn

Hinna prestegjeld med Hinna sokn Gausel sokn

Hillevåg prestegjeld med Hillevåg sokn

Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter prosti Kyrkjer i Noreg etter kommune

Kjelder

Bakgrunnsstoff Ytre Stavanger prosti Nettsida til Den norske kyrkja

Kategori:Prosti i Stavanger bispedømme Kategori:Stavanger kommune