mini|Stavanger domkyrkje Stavanger domprosti er eit tenestedistrikt i Stavanger bispedømme i Den norske kyrkja. Sidan prostiet er knytt til Stavanger domkyrkje, er det leia av ein domprost.

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn. I eit domprosti kan nokre av dei tilsette ha tenste i heile bispedømmet.

Prostiet var tidlegare inndelt i prestegjeld og sokn. Prestegjelda vart fasa ut av Den norske kyrkja frå 2004 med Nærøy prosti i Nidaros bispedømme som det fyrste til å leggje om til nyordninga 17. juni 2004. Frå 2012 gjekk det også ut av lovverket.

Sokn i Stavanger domprosti Per 2017 var det ni sokn i domprostiet: Domkyrkja, St. Petri, St. Johannes, Varden, Kampen, Stokka, Hundvåg, Bekkefaret og Tjensvoll.

Tidlegare prestegjeld og sokn i Stavanger domprosti

Stavanger Domkyrkje prestegjeld med Stavanger Domkyrkje sokn

St. Petri prestegjeld med St. Petri sokn

St. Johannes prestegjeld med St. Johannes sokn

Kampen prestegjeld med Kampen sokn Stokka sokn

Varden prestegjeld med

Hundvåg prestegjeld med Hundvåg sokn

Bekkefaret prestegjeld med Bekkefaret sokn

Tjensvoll prestegjeld med Tjensvoll sokn

Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune Kyrkjer i Noreg etter prosti

Kjelder

Bakgrunnsstoff Nettsida til Den norske kyrkja

Kategori:Prosti i Stavanger bispedømme