Indre Nordmøre prosti er eit tenestedistrikt i Møre bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten har sete på Tingvoll.

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn.

Prestetenesta lokalt vart tidlegare organisert i prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde prostiet desse prestegjelda: Prestegjeld og sokn i Indre Nordmøre prosti:

Tingvoll prestegjeld med Tingvoll sokn Straumsnes sokn

Sunndal prestegjeld med Hov sokn Romfo sokn Ålvundeid sokn Øksendal sokn

Surnadal prestegjeld med Øye sokn Mo sokn Ranes sokn

Stangvik prestegjeld med Stangvik sokn Todalen sokn Åsskard sokn

Øre prestegjeld med Øre sokn Gjemnes sokn

Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter prosti Kyrkjer i Noreg etter kommune

Bakgrunnsstoff Nettsida til Den norske kyrkja

Kategori:Nordmøre