mini|Mo kyrkje i Rana er frå 1724. mini|Ytteren kyrkje frå 1977 er den nyaste i prostiet. mini|Selfors kyrkje er eigd av Den katolske kyrkja i Noreg, men vert også brukt av Indre Helgeland prosti. Indre Helgeland prosti er eit tenestedistrikt i Sør-Hålogaland bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten har sete i Mo i Rana.
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.
Sokn i Indre Helgeland prosti Tidlegare Mo prestegjeld med Mo sokn
Tidlegare Gruben prestegjeld med Gruben sokn
Tidlegare Nord-Rana prestegjeld med Nord Rana sokn Nevernes sokn Sjona sokn Røssvoll sokn
Tidlegare Hattfjelldal prestegjeld med Hattfjelldal sokn
Tidlegare Hemnes prestegjeld med Hemnes sokn Korgen sokn Bleikvassli sokn
Tidlegare Grane prestegjeld med Grane sokn
Tidlegare Vefsn prestegjeld med Dolstad sokn med Dolstad kyrkje Drevja sokn med Drevja kyrkje Elsfjord sokn med Elsfjord kyrkje
Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune Kyrkjer i Noreg etter prosti
Bakgrunnsstoff Nettsida til Den norske kyrkja
Kategori:Prosti i Sør-Hålogaland bispedømme Kategori:Nordland fylke