«Have a Cigar» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd frå albumet deira Wish You Were Here frå 1975.
Komposisjon Som «Welcome to the Machine», er både melodi og tekst skrive av Roger Waters, og er ein skarp kritikk av det Waters ser på som ein hyklersk og grådig musikkindustri. Musikken er i seg sjølv meir streit rock enn resten av albumet, og byrjar med eit gitarriff av David Gilmour i lag med ein bassgitar. Etter kvart kjem ein ekstra gitar inn i lag med elektrisk piano og synthesizer.
Klimakset i songen er ein skarp gitarsolo, før songen brått forsvinn inn i eit tinnaktig og radioliknande lydbilete. Enkelte meiner at dette representerer at musikken vert omforma til eit verdilaust massemarknadprodukt. Det siste som skjer i songen er ein lydeffekt der det høyrest ut som om nokon skiftar radiokanal, og songen hoppar rett over i neste spor, «Wish You Were Here».
Vokalen vert sunge av Roy Harper. Waters hadde slite på stemma si under innspelinga av «Shine on You Crazy Diamond», og kom ikkje opp på dei høge tonane. Gilmour var motvillig til å synge den ubehagelege teksten, og sidan Harper var i nabostudioet og spelte inn plata HQ, tilbaud han seg å hjelpe dei. Waters har seinare sagt at han håpte resten av bandet ikkje ville gå med på å la Harper synge songen i staden for han sjølv, men vart overraska over at alle syns det var ein glimrande ide.http://www.pinkfloydfan.net/t2032-have-a-cigar-3.html
Tekstlinja «Oh by the way, which one's Pink?» var faktisk eit spørsmål bandet fekk i starten av karrieren då dei møtte leiaren i eit plateselskap på midten av 1960-talet.
Konsertutgåver Songen vart først spelt på den nordamerikanske turnéen i 1975, mellom dei to halvdelane av «Shine on You Crazy Diamond» med Waters og Gilmour på vokal. Songen vart òg spelt på 1977-turnéen, og då var det Roger Waters på vokal, medan Snowy White spela gitarsoloen.
Medverkande David Gilmour – elektrisk gitar Richard Wright – Wurlitzer elektrisk piano, ARP String Synthesizer, Minimoog, Hohner clavinet D6 Roger Waters – bass Nick Mason – trommer
med:
Roy Harper – solovokal
Salslister Liste (1975)PlasseringUS Cash Box Looking Ahead 119US Record World Singles Chart 101–150 126
Andre versjonar Både Primus og Foo Fighters har spela denne songen.
Kjelder
http://www.brain-damage.co.uk/interviews/pfcap5.html
Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Metasongar Kategori:Pink Floyd-songar Kategori:Primus-songar Kategori:Protestsongar Kategori:Satiresongar Kategori:Songar om musikk Kategori:Songar skrivne av Roger Waters Kategori:Songar produserte av David Gilmour Kategori:Songar produserte av Roger Waters Kategori:Songar produserte av Richard Wright Kategori:Songar produserte av Nick Mason Kategori:Songar frå 1975 Kategori:CBS Records-singlar Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Harvest Records-singlar Kategori:Roy Harper-songar