mini|Molde domkyrkje Møre bispedømme er eit bispedømme i Den norske kyrkja. Bispesetet er i Molde, med Molde domkyrkje.

Historie Før skipinga av Møre bispedømme var det usemje om grensene for bispedøme, om bispesete og om namnet. Odelstinget vedtok 2. juni 1982, med 45 mot 40 røyster, at bispesete skulle vere i Ålesund kommune, med Borgund kyrkje som domkyrkje. Namnet skulle vere Møre og Romsdal. Den 5. juni vedtok Lagtinget, med 21 mot 12 røyster, å sende saka attende til Odelstinget. 8. juni vedtok så Odelstinget, med 63 mot 52 røyster, at bispesete skulle vere i Molde, og at namnet skulle vere Møre bispedømme. Vedtaket skulle gjelde frå 1. januar 1983.

18. september 1983 vart Ole Nordhaug vigsla som den første biskopen i Møre. 17. november 1991 vart Odd Bondevik vigsla som den andre biskopen i Møre. 15. mai 2008 vart Ingeborg Midttømme utnemnd til ny biskop i Møre. Ho vart vigsla den 21. september. Prosti thumb|500px|Prostia i Møre bispedøme Møre bispedømme har følgjande prosti:

Molde domprosti Indre Nordmøre prosti Indre Romsdal prosti Nordre Sunnmøre prosti Søre Sunnmøre prosti Ytre Nordmøre prosti

Fellesråd Bispedømmet har har følgjande fellesråd: Aukra Aure Averøy Fjord Giske Gjemnes Hareid Herøy Hustadvika Kristiansund Molde Rauma Sande Smøla Stranda Sula Sunndal Surnadal Sykkylven Tingvoll Ulstein Vanylven Vestnes Volda Ørsta Ålesund

Kjelder Johan Krogsæter: Striden om bispesetet i Møre bispedøme i Tidsskrift for Sunnmøre Historielag 1999

Kategori:Bispedøme i Den norske kyrkja