mini|Geistleg i Den ortodokse kyrkja iført tradisjonell kamilavkion (gresk) eller kamilavka (russisk), høg, avstiva hatt utan brem og med flat topp, og svart prestekjole ved Den heilage gravkyrkja i Jerusalem. Kamilavkion (etter gresk καμιλαύκιον) eller kamilavka (etter russisk камилавка) er eit hovudplagg som blir brukt av geistlege i den ortodokse kyrkja. Kamilavkion har meir eller mindre form som ein sylindrisk hatt utan brem.

Utforminga varierer noko i tradisjonane til dei ulike kyrkjelydane. På utsida av kamilavkionen kan det brukast eit slags slør kalla epanokamelavkion (επανωκαλυμμαύχιον). Kamilavkion med epanokamelavkion blir kalla klobuk (klobuk).

Dei mange variantane av prestedrakter har teologisk utgangspunkt i kapittel 28 i Andre Mosebok i Bibelen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kamilavka» frå , den 28. oktober 2026. oppgav desse kjeldene:  

Karel C. Innemée, Heinzgerd Brakmann: Art. Kamelaukion. In: Reallexikon für Antike und Christentum. Bd. 19, Hiersemann Verlag, Stuttgart 2003, Sp. 1241–1248. .

Bakgrunnsstoff

Kategori:Hovudplagg