Patrick Russel () er ein fransk tidlegare alpin skirennar frå Chamonix. Han vann fyrstepremien i slalåm-greina i verdscupen i alpine greiner åra 1969 og 1970, og i storslalåm i 1971. Under VM i alpine greiner 1970 i Gherdëina kom han på sølvplass både i slalåmrennet og i kombinasjonen.

Åra frå 1968 til 1971 sigra Russel i totalt 13 enkeltrenn i verdscupen, 10 i slalåm og i storslalåm. Hans fyrste verdscupsiger kom i Bærum den 25. februar 1968.

Russel var den fyrste skirennaren som praktiserte og perfeksjonerte ein teknikk som la vekt på så tett kontakt mellom ski og snø som berre mogleg.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Patrick Russel» frå , den 10. oktober 2026.

Kategori:Franske alpinistar