Beni er ei stor elv i Bolivia som høyrer til Amazonasbekkenet, og er den nest største elva i landet målt etter vassføring. Etter å ha tatt imot vatn frå ei rekkje sideelvar renn ho saman med Mamoré og dannar Madeira.
Historie Beni vart påvist av spanjolane i første halvleiken av 1500-talet. Ein ekspedsjon frå Peru mot Beni-savannen i det noverande Bolivia nådde elva som vart kalla río de los Omapalcas, eit namn som vart brukt om Beni, der spanjolane kom i kontakt med tacana-folket.
Løp Elva har utspringet sitt nord for La Paz og renn mot nordaust. Langs løpet har elva fleire bratte fall. Saman med den geologiske oppbygginga fører dette til ei rekkje stryk og tronge elveparti, mellom anna Angosto del Bala, som berre er om lag 60 meter breitt. Ved tvillingbyane Rurrenabaque og San Buenaventura, om lag 1000 km frå utløpet, skjer elva gjennom dei siste fjellkjedene i dei austlege utløparane av Andesfjella på veg mot låglandet gjennom Llanos de Moxos – også kjent som Beni-savannen.
Om lag 160 km frå utløpet tek Beni imot den større Madre de Dios nær byen Riberalta. På somme kart er denne nedste delen av elva omtala som «Madre de Dios», men offisielle bolivianske kart fører han som «Río Beni». På denne strekninga blir elva opptil to kilometer brei, sjølv ved ei gjennomsnittleg vassføring på om lag 8900 m³/s. Etter ein samla lengd på rundt 1600 km renn Beni saman med Mamoré, som har ei gjennomsnittleg vassføring på om lag 8200 m³/s. Saman dannar dei Madeira, den vassrikaste sideelva til Amazonaselva.
Kjelder
Denne artikkelen er ei omsetjing av delar av artikkelen «Río Beni» frå , den 7. oktober 2026
Bakgrunnsstoff
Kategori:Elvar i Bolivia Kategori:Sideelvar til Amazonaselva