Brno-venkov okres eller Brno landsbygd er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Sør-Mähren i Tsjekkia. Det ligg sentralt i regionen og grensar i vest mot Vysočina kraj. Distriktet omsluttar Brno heilt, men omfattar ikkje byen, som likevel er hovudsete for distriktet.

Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).

Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Brno-venkov okres:

Ivančice SO Kuřim SO Pohořelice SO Rosice SO Šlapanice SO Tišnov SO Židlochovice SO

Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Ivančice SO 22 994 23 708 24 204 Kuřim SO 18 024 22 522 23 967 Pohořelice SO 12 399 13 167 14 730 Rosice SO 22 817 24 467 26 565 Šlapanice SO 51 197 63 070 71 643 Tišnov SO 27 156 29 278 31 828 Židlochovice SO 27 099 30 088 33 566 Brno-venkov okres 181 686 206 300 226 503

Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Kuřim 11 485 Ivančice 9 698 Tišnov 9 245 Šlapanice 7 799 Rosice 6 600 Modřice 5 487 Pohořelice 5 261 Oslavany 4 679 Rajhrad 4 181 Židlochovice 3 702 Zbýšov 3 656 Veverská Bítýška 3 363 Újezd u Brna 3 288 Dolní Kounice 2 385

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Brno-venkov Brno-venkov