Břeclav okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Sør-Mähren i Tsjekkia. Det ligg sør i regionen og grensar i sørvest mot Austerrike, i søraust mot Slovakia.

Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).

Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Břeclav okres:

Břeclav SO Hustopeče SO Mikulov SO

Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Břeclav SO 59 860 58 778 57 821 Hustopeče SO 34 449 34 816 35 820 Mikulov SO 19 888 19 234 20 010 Břeclav okres 114 197 112 828 113 651

Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Břeclav 24 318 Mikulov 7 461 Hustopeče 6 076 Velké Bílovice 3 777 Valtice 3 525 Lanžhot 3 437 Velké Pavlovice 3 070 Podivín 2 887 Klobouky u Brna 2 420

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Breclav Breclav