Jeppe Tranholm-Mikkelsen () er ein dansk diplomat, som sidan 2022 har vore departementssjef i Udenrigsministeriet. Han er cand.scient.pol. frå Universitetet i Århus (1992).
Han har vore rådgjevar til fleire danske statsministrar. Frå 2007 til 2010 var han dansk ambassadør i Kina; deretter vart han dansk ambassadør i EU. Frå 2015 til 2022 var han generalsekretær i Rådet for Den europeiske unionen. Han spela ei sentral rolle under forhandlingane som førte fram til Nice-traktaten og under forhandlingane mellom EU og Storbritannia etter at landet forlet EU. Ifylgje DR var Tranholm-Mikkelsen ein nøkkelperson under forhandlingane om avtalen mellom Grønland, Danmark og USA som gjorde slutt på grønlandskrisa i 2026.
Kjelder Jeppe Tranholm-Mikkelsen udnævnt til ny generalsekretær for Rådet, Pressemelding frå Rådet for Den europeiske unionen, 21. april 2015. Traktattæmmeren fra Nordjylland. DR, 26. september 2026.
Kategori:Danske diplomatar