Svitavy okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Pardubice kraj i Tsjekkia. Det ligg søraust i regionen og grenser i sør mot Vysočina kraj og Sør-Mähren, i aust mot Olomouc kraj.

Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).

Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Svitavy okres:

Litomyšl SO Moravská Třebová SO Polička SO Svitavy SO

Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Litomyšl SO 26 219 26 454 26 268 Moravská Třebová SO 27 776 26 354 25 146 Polička SO 19 603 19 362 19 080 Svitavy SO 31 844 31 075 30 246 Svitavy okres 105 442 103 245 100 740

Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Svitavy 16 242 Litomyšl 10 027 Moravská Třebová 9 627 Polička 8 622 Jevíčko 2 742 Březová nad Svitavou 1 566 Bystré 1 463

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Svitavy Svitavy