Trebregnar (Cyatheales) er ein biologisk orden av bregnar.
Ikkje alle artane i denne ordenen dannar tydelege stammar. Dessutan høyrer ikkje alle treforma bregnar til denne ordenen. I tillegg til bregnane i denne ordenen finst det fleire stammeforma bregneartar i familiane kongsbregnefamilien (Osmundaceae) og bjønnkamfamilien (Blechnaceae), mellom anna i slektene Blechnum, Leptopteris, Sadleria og Todea. Frå karbontida er det kjende fossile trebregnar av slekta Psaronius i familien Marattiaceae.
Trebregnar i ordenen Cyatheales oppstod første gong i juratida.
Skildring mini|høgre|Sphaeropteris medullaris (svart trebregne) på New Zealand kan bli 20 meter høge Ordenen har ingen særmerkte felles kjenneteikn. Nokre artar har stammeforma vekst, medan andre har krypande stenglar (rhizoma). Nokre artar har «skjel» på stenglar og blad, medan andre har hår. Sori sit abaksialt på undersida av blada eller marginalt langs bladranda. Dei kan vere dekte av eit slør eller vere utan.
Blada hos trebregnar er ofte over ein meter lange hos utvaksne individ, og er nesten alltid enkelt eller fleire gonger fjørflika eller fjørdelte. Ein art har likevel enkle, udelt blad.
I motsetnad til frøplanter har trebregnar ikkje sekundær tjuknevekst i stammen. Stammen blir støtta av buntar av røter som blir danna etter kvart som planten veks.
Nokre trebregnar kan bli om lag 20 meter høge og har 3–5 meter finnete blad (fronder) i toppen, andre artar veks lågt og blir ein meter eller kortare. Døme på ein stor art er Sphaeropteris medullaris på New Zealand og andre øyar i sørvestlege Stillehavet. Ein liten art er Cyathea palaciosii, som er under 50 cm i høgd og er funnen i Ecuador.
Utbreiing
Trebregnar veks i tropiske og subtropiske område i verda. Nokre artar toler òg det tempererte klimaet i regnskogar i Australia, på Tasmania og New Zealand, og i tilgrensande område som Malaysia og Lord Howe-øya. Generelt toler trebregnar ikkje langvarig tørke, og berre få artar, til dømes Dicksonia antarctica, overlever milde frostperiodar.
Ved undersøkingar i tidlegare lite utforska område på Ny-Guinea blir det jamleg oppdaga nye artar. Samstundes er enkelte artar sterkt truga eller har døydd ut på grunn av innsamling til prydplantehandelen, intensiv hogst og tap av habitat.
Kjelder
Denne artikkelen er ei omsetjing av «Baumfarne» frå , den 23. september 2026
Bakgrunnsstoff
Kategori:Bregnar Kategori:Karplantar