Hradec Králové okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Hradec Králové kraj i Tsjekkia. Det ligg sør i regionen og grenser i vest mot Sentral-Böhmen, i sør mot Pardubice kraj.

Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).

Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Hradec Králové okres:

Hradec Králové SO Nový Bydžov SO

Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Hradec Králové SO 144 125 145 373 146 003 Nový Bydžov SO 17 053 17 288 17 172 Hradec Králové okres 161 178 162 661 163 175

Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Hradec Králové 92 649 Nový Bydžov 6 897 Třebechovice pod Orebem 5 634 Chlumec nad Cidlinou 5 552 Smiřice 2 796 Nechanice 2 391

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Hradec Kralove Hradec Kralove