Liberec okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Liberec kraj i Tsjekkia. Det ligg sentralt i regionen og grenser i sør mot Sentral-Böhmen, i nord mot Polen med ei kort grense mot Tyskland i vest.

Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).

Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Liberec okres:

Frýdlant SO Liberec SO del av Turnov SO

Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Frýdlant SO 24 285 24 124 23 696 Liberec SO 133 957 140 642 144 998 del av Turnov SO 4 458 5 112 5 531 Liberec okres 162 780 169 878 174 225

Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Liberec 104 340 Hrádek nad Nisou 7 611 Frýdlant 7 255 Chrastava 6 091 Jablonné v Podještědí 3 625 Nové Město pod Smrkem 3 496 Hodkovice nad Mohelkou 2 944 Český Dub 2 752 Raspenava 2 730 Hejnice 2 634 Osečná 1 146

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Liberec Liberec