Patsaravalee Tanakitvibulpon () er ein thailandsk student og politisk aktivist. Ho var leiar for den thailandske gruppa Fritt folk og tok initiativ til ei rørsle for å reformere det thailandske monarkiet under demonstrasjonane i Thailand i 2020–2021. Ho arbeidde per april 2026 som kampanjemedarbeidar for ein allianse som fremjar grunnlovsspørsmål.

Ho er mellom anna tiltalt for majestetsfornærming for å ha delteke i ein demonstrasjon framfor den tyske ambassaden i Bangkok den 26. oktober 2020. Ho vart mellombels sett fri, men hadde reiseforbod og fekk avslag på ein søknad om å få delta i konferansen Digital Comms Frontlines 2026 som vart halden i Brasil frå 14. til 17. april 2026.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

kategori:Thailandske aktivistar