Helleristingane på Leirfall er av typen jordbruksristingar frå bronsealderen i Hegra i Stjørdal i Trøndelag. Dei vart oppdaga frå 1910 til 1961. Dette er eitt av dei største bergkunstområda i Norden. Det er oppgjeve ulike tal for kor mange enkeltfigurar som finst her: 947, 899 eller så mykje som 1200.
Helleristingane på Leirfall er ein del av ein større struktur av helleristingar i Stjørdalsdalføret. Leirfall er særmerkt både på grunn av det store talet på figurar og på grunn av variasjonen i motiva. Dei mest framståande trekka ved Leirfall-felta er prosesjonen med 13 menneskefigurar i hovudfeltet og det store talet på fotsolar. Begge delar har vorte tolka som uttrykk for rituelle praksisar. Feltet inneheld òg sol-, heste- og båtfigurar.
Staden og funnet Leirfall-felta ligg på sør- og søraustvende svaberg langs Solemsbekken, på nordsida av Stjørdalselva, om lag 500 meter nord for E14. Desse svaberga utgjer ei skråning mellom to terrassenivå på elvesletta, slik at høgda over havet varierer frå 35 til 50 meter. Ristingane finst på isskurte flater av grønstein.
Det første og lågastliggjande av dei fem felta på Leirfall vart funne i samband med steinbryting kring 1905–1910, og vart gjort allment kjent av lokalhistorikaren Einar Hermstad i 1923. Det vart undersøkt av Theodor Petersen frå Vitskapsmuseet i 1923. Eit nytt felt, Leirfall 2, vart oppdaga i 1947 av Brynhild Nielsen og undersøkt i 1949. Desse to nedste felta ligg slik til at Solemsbekken fløymer over dei når vassføringa er stor, og dette har ført til at desse ristingane er meir nedslitne enn området elles.
Det tredje feltet, hovudfeltet, vart oppdaga i 1951 av familien Nielsen. Dette feltet vart avdekt på dugnad i 1957–1959.Filmavisen, 10.10.1957; nrk.no Dugnadsarbeidet vart leia av Jon Leirfall og Nils Trøyte. To mindre felt vart oppdaga av Odd Ertsås i 1961. Det eine av desse to siste ligg oppe på det øvste terrassenivået.
Leirfall-felta vart utforska og kartlagde av professor Sverre Marstrander frå Vitskapsmuseet i åra 1965–1967. Den samla dokumentasjonen vart ferdigstilt og publisert etter at Marstrander døydde, av professor Kalle Sognnes, i utgjevinga Trøndelags jordbruksristninger. Feltet er ofte nemnt i oversiktsverk om arkeologi, på grunn av storleiken, fordi det inngår i den større strukturen av helleristingar i Stjørdalen, og på grunn av den kjende prosesjonsgruppa.
Skildring av figurane miniatyr|Ei typeoversikt over figurar på dei fem felta på Leirfall; teikna av Kalle Sognnes. miniatyr|upright|Nokre av figurane på Leirfall, slik som denne frå felt 3, har motiv som elles berre er funne i graver.
Leirfall 1 består av rundt 80 figurar, flest fotspor. Leirfall 2 er eit langsmalt felt på 7 × 2,5 meter med 74 figurar, nesten berre fotspor. Leirfall 3 er hovudfeltet på Leirfall. Det vart i 1980 omtalt av Marstrander som «det viktigaste helleristningsfunnet som er gjort i Noreg etter siste krig», og av Sognnes i 1999 som «det største som hittil er kjent i Trøndelag». Bergflata, som er 20 meter brei og 5–6 meter høg, inneheld meir enn 650 figurar, fordelte i fem grupper. Talet er størst for fotsålefigurar – i alt 77 % av figurane, men det finst òg meir enn 50 båtfigurar og 40 hestefigurar. I tillegg kjem prosesjonsgruppa. Leirfall 4 er eit lite felt med 35 figurar, 12–15 meter nedanfor hovudfeltet. Det er flest fotsålefigurar her. Leirfall 5 er eit lite felt med berre 12 kjende figurar. Det ligg på terrassen ovanfor hovudfeltet, 50 meter unna. Mange av figurane er eroderte, og dei mest synlege figurane er to tekstilliknande ornamentmønster.
Sognnes har registrert 13 ulike båtformer blant ristingane på Leirfall. Menneska om bord i båtane er i hovudsak markerte som mannskapsstrekar, men det finst nokre tilfelle av meir utvikla menneskefigurar. Fleire av båtfigurane har framspring som endar i dyrehovud. Dette blir rekna for å vere hestehovud, og kan gjenspegle ein skikk med å pynte båtstavnane i seremonielle situasjonar. Nokre av båtfigurane er tilsynelatande medvite plasserte på bergflata i forhold til sprekkene som finst i bergflata. Bergkunstforskaren Heidrun Stebergløkken har skrive at «sprekkesystemet ved dei store båtfigurane nedst på hovudfeltet fungerer som små bekkar ved mykje regn. Dette bidreg til å skape ein illusjon av at båtane ligg som ein flåte i eller ved vatnet.»
Dei tretten menneskefigurane blir av alle oppfatta som ein medviten komposisjon, og vanlegvis som ei prosesjonsgruppe. Fleire har nemnt at den fremste figuren er dobbelt så høg som dei andre, og at han er den einaste som ber sverd. Sognnes peikte på at alle menneska er utan armar, og meinte at dette måtte ha ei medviten tyding. Kanskje tydde dei manglande armane at personane som er avbilda, var døde. Han lanserte tanken om at denne prosesjonsgruppa kan ha vore målet og endepunktet for faktiske prosesjonsvandringar. Blant andre menneskefigurar er det peikt på to ryttarar, som begge ser ut til å stå på hesteryggen.
Nokre av figurane på Leirfall, og på naboområdet Bjørnstad, er seriar av bølgjelinjer som Sognnes har tolka som bilete av fosfen, og som spor etter ein sjamanistisk praksis.
Rektangelfigurane førekjem i grupper og system som har vorte tolka som kart over åkersystema i nærleiken.
Overblikk og tolkingar miniatyr|upright|Sognnes skreiv at éi mogleg tolking av fotspora er at dei gjenspeglar rituelle vandringar til og over ristningsflatene. miniatyr|upright|Sognnes peikte på at ristningsflatene kan oppfattast som eit teater der eit større publikum var tilskodarar til framføringa av ritual.
Marstrander tidfesta figurane på Leirfall til å «spenne over heile bronsealderen» (1700–500 f.Kr.), basert på ei stilhistorisk vurdering av dei ulike ristningane. Han meinte at dei eldste båttypane er frå ein tidleg del av eldre jernalder, medan nokre ryttarf figurar «vanskeleg kan vere stort eldre enn bronsealderens sluttavsnitt.» Dette betyr, ifølgje Marstrander, at staden har hatt kultisk tyding og sosiale funksjonar gjennom generasjonar. Sognnes var samd i at ristningsberga på Leirfall kan ha vore i bruk i 2000–2500 år.
I Stjørdalens bergkunst frå bronsealder og jarnalder er det mogleg å sjå eit mønster som helleristingane på Leirfall inngår i. Bergkunstfelta ligg i grupper på 2–8 felt. Mellom midtpunkta i desse gruppene er det ganske jamn avstand på halvannan til to kilometer. Dette kan tolkast som ein struktur som er forma av at bronsealderens jordbruksristingar og heilagstader var knytte til kvar enkelt busetjing.Sognnes 1983Grønnesby 1998 Sognnes skreiv at «Det kan synast som om kvar busetjings-eining hadde sine ristingar – sine heilage bergflater», og at «kvar av gruppene hadde sine berg med helleristingar, der dei kunne utføre nødvendige ritual.» Han meinte òg at desse helleristingsfelta, som var knytte til kvar si busetjing, kunne sjåast som parallellar til jarnalderens gravfelt på gardane, og at det kunne vere snakk om ein «anekult» og om «ritual eller religiøs dyrking på gards- eller familienivå.»
Petersen meinte at felta låg langs dei gamle ferdselsvegane gjennom dalen, og Sognnes stadfestar at dette kan vere ein del av eit mønster. Felta ligg i stor grad i sørvende skråningar, i overgangen mellom skråninga og elvesletta, på stader der snøen smeltar tidleg om våren.
Båtfigurane i helleristingane frå bronsealderen blir tolka på fleire måtar: som referansar til faktisk sjøfart, og som eit uttrykk for gravferdsritual der den døde, eller sjela til den døde, måtte reise med båt til dødsriket. Ei tredje forståing er at båten er eit fartøy som fraktar sola gjennom dagen og natta.Lene Melheim: Havgående båter og oversjøiske nettverk; norgeshistorie.noLene Melheim: Tro og makt i graven; norgeshistorie.no
Fotsporfigurane Fotsporfigurar er samla sett ikkje særleg vanlege i nordisk bergkunst, men dei er godt representerte i Stjørdalen, der dei utgjer 20 % av figurane. Leirfall er eit av felta med flest fotsporfigurar. Fotsporfigurane har ofte ein tverrstrek som markerer skiljet mellom hælen og fotbladet. Ein reknar med at dette gjenspeglar ein type skobruk der snorer vart surra rundt foten og ankelen for å feste skinnskoen til foten. Både professor Sognnes og eleven hans, arkeologen Turid Box Nilsen, har peikt på at fotsporfigurar har vorte tolka på ulike måtar gjennom arkeologihistoria: som representasjonar av gudar, avdøde, eigarskap eller makt/sigerherrar, men Sognnes skreiv samstundes at det er vanskeleg å halde fast ved tolkingar om gudar eller makt når ein står overfor dei mange hundre fotspora på Leirfall eller dei samankjeda figurane på Ingstad.
Nilsen skreiv at fotspora skal oppfattast som individuelle signaturar frå enkeltpersonar. Sognnes skreiv i 2014, i sin siste artikkel om Leirfall, at «hovudfeltet på Leirfall kan sjåast som ei samling av fleire motivmessig ulike felt, som kvar for seg kan ha vore knytte til ulike sider ved samfunnet eller livet til enkeltmenneske.» Sognnes føreslo samstundes at ei forståing av fotsporfigurane på Leirfall kunne vere at dei utgjorde ei rituell vandringsrute forbi ulike tema. Han såg for seg at ei slik rituell vandring kunne ha hatt eit stoppunkt ved ein samleiescene i felt 2, som han tolka som spor etter eit «heilagt bryllaup», eit ritual innanfor ein fruktbarheitsreligion. Andre moglege stoppunkt under ei rituell vandring er knytte til motiv som er kjende frå graver, slik at rituala òg kan vere knytte til død og gravferd, og til initiering av nye generasjonar som leiarar.
Sognnes oppfatta Leirfall-felta som ein samla og komponert struktur, der dei mindre felta peikar inn mot hovudfeltet, mellom anna gjennom retninga på fotsålefigurane. Sognnes har i ein artikkel i fagtidsskriftet Viking drøfta om Leirfall-lokaliteten vart brukt i samband med fruktbarheitsritual eller gravferdsritual. Han peikte på at lokaliteten vart brukt over lang tid, og at det truleg gjekk mange år mellom kvar gong det vart hogge inn nye figurar i ristningsberget. Dette talar for at felta heller vart brukte til gravferder enn til dei årlege fruktbarheitsrituala.
Sognnes meinte at ristingsberget kan oppfattast som eit teater eller ei scene der eit større publikum var tilskodarar til framføringa av ritual på eller ved ristingsberget. Dette forsterkar og byggjer opp under tanken om at figurane reflekterer faktiske prosesjonar og ritual som vart utførte her.
Området i dag Grunnen der helleristingane ligg, har sidan 1972 vore eigd av staten. Staden er lagd til rette med skilting og parkering. Feltet inngår i Trøndelag fylkeskommune sitt formidlingsprosjekt Bergkunstreisen.Helle Vangen Stuedal. «Bergkunstreisen i Trøndelag»; Spor; 2020, nr 2
Kjelder Heidrun Stebergløkken. Bergkunstens gestalter, typer og stiler : en metodisk og empirisk tilnærming til veidekunstens konstruksjonsmåter i et midtnorsk perspektiv. Doktoravhandling NTNU, 2016. (pdf)
Kjell Brevik: Helleristningene på Leirfall; fortelling, Digitalt museum. 2014
Leirfall 1958
Leirfall 1970
Marstrander 1980
Marstrander 1999
Nilsen 2005 Nilsen 2009
Sognnes 2000 Sognnes 2005
Sognnes 2010 Sognnes 2014 Sognnes 1990
Sognnes Det levende berget 1999
Sognnes Helleristninger i Stjørdal 1999
Petersen 1926
Denne artikkelen bygger på « Helleristningene på Leirfall» frå , den 4. september 2026.
Litteratur miniatyr|upright|Det er registrert 13 ulike typar båtfigurar på Leirfall. Gjenutgitt i antologien . Særtrykk fra fylkesbindet av Norges bebyggelse.
Gjenutgitt i antologien
Gjenutgitt i antologien
Hovedoppgave i arkeologi NTNU 2005
Bacheloroppgave i arkeologi, NTNU
Bakgrunnsstoff
Kjell Brevik: Helleristningene på Leirfall; fortelling, Digitalt museum Billeder fra Stjørdal; heimskringla.no Leirfall; bilder og engelsk/finsk tekst, ismoluukkonen.net
Leirfall Kategori:Kulturminne i Stjørdal