mini|Skisse av ein plante som er sambu. mini|Teikning av hann- og hoblomar på same plante. Sambu eller einbu (også monøsisk og monoik) i biologi viser til at ein type organisme har einkjønna reproduksjonsorgan av begge kjønn hjå same individ. Omgrepet «monoik» blei innført av Carl von Linné. Sjølv om «monoik» kan nyttast om nokre organismar i dyreriket, er «sambu» eit botanisk uttrykk og blir nytta om ulike artar av algar, mosar og frøplantar.
Ein plante som er sambu har altså skilde hannblomar og hoblomar, men begge finst på same plante, dei «bur saman». Det motsette er særbu, der arten har skilde hannplantar og hoplantar der blomane bur «kvar for seg». Eit tredje alternativ, og det vanlegaste hjå blomeplantar, er at alle plantane har tvikjønna blomar, men det finst òg ulike andre fordelingar av kjønnsfunksjonar, som gynodiøci og androdiøci.
Hannlege organ hjå mosar, karsporeplanter, nokre soppartar og alger blir kalla anteridium. Holege organ blir kalla arkegoniar og finst òg hjå nakenfrøingar, sjølv om anteridium ikkje gjer det.Helgheim, Beatrice: «anteridium» i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 9. november 2021
Rundt 10 % av alle frøplantar er sambu. Veksttypen er vanleg hjå plantar frå tempererte klima, og er ofte knytt til mindre effektive pollinatorar eller vind-pollinerte plantar.
Nesten alle artar i bøkeordenen er sambu, inkludert bjørk, bøk, eik, furu og or. Hornblad og det meste av storrslekta er også døme på plantar som er sambu.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sambu» frå , den 7. september 2026.
Kategori:Formeiring Kategori:Botanikk