Český Krumlov okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Sør-Böhmen i Tsjekkia. Det ligg lengst sør i regionen og grenser i sør mot Austerrike.

Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).

Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Český Krumlov okres:

Český Krumlov SO Kaplice SO

Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Český Krumlov SO 40 666 41 182 40 000 Kaplice SO 18 885 19 316 19 118 Český Krumlov okres 59 551 60 498 59 118

Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Český Krumlov 12 278 Kaplice 6 994 Velešín 3 778 Větřní 3 610 Vyšší Brod 2 443 Horní Planá 2 009 Rožmberk nad Vltavou 343

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Cesky Krumlov Cesky Krumlov