Yungas i Bolivia (engelsk ) er ein fuktig og regnfylt økoregion i austskråninga av Andes i Bolivia og litt inn i austlegaste Peru med eit totalt areal på ca. 91 000 km². Høgdnivået varierer mellom 400 meter over havnivå i låglandet til Puna-høglandet på meir enn 3 500 moh. mot sørvest. Dei fuktige tilhøva kjem mellom anna av at nordaustlege passatvindar fører med seg fuktig luft som blir avsett mot Andesfjella. I likskap med yungas sør og nord for denne økoregionen har Yungas i Bolivia høgt endemisk artsmangfald. Økoregionen utgjer ei overgangsone mellom Amazonas-området i låglandet og det høgareliggjande puna-landskapet mot vest.

Det bratte og sterkt oppskorne terrenget har eit stort mangfald av fjellskogar, særleg eviggrøn skog og tåkeskog. Planteslag frå ananasfamilien (Bromeliaceae) og orkidéfamilien (Orchidaceae) i tillegg til trebregnar (Cyatheales) og bambusartar er ofte ein karakteristisk del av vegetasjonen.

Delar av økoregionen ligg innanfor verneområde, mellom anna Carrasco nasjonalpark og Madidi nasjonalpark i Bolivia og Tambopata naturreservat i Peru. Bratt terreng og mykje nedbør har gjort mange område lite eigna for jordbruk, men utanfor verneområda er skogen utsett for avskoging og forringing, særleg som følgje av svedjebruk og dyrking av kommersielle vekstar. Overhausting av vilt og fangst av fuglar til burfuglhandel er andre trugsmål.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Økoregionar i Sør-Amerika Kategori:Peruansk geografi Kategori:Boliviansk geografi