Pulse (skrive p·u·l·s·e) er eit konsertalbum av det engelske rockebandet Pink Floyd. Det kom ut 29. mai 1995 på EMI i Storbritannia og 6. juni 1995 på Columbia i USA. Albumet vart spelt inn under Division Bell-turnéen deira i 1994 frå dei europeiske konsertane som varte frå juli til oktober 1994.
10. juli 2006 kom det ein dobbel DVD av konserten frå Earls Court Exhibition Centre i London i 1994.
Innhald Konsertalbumet inneheld ei framføring av heile albumet The Dark Side of the Moon og kjem med ei lita bok med mange bilete frå turnén. Den inneheld òg songen «Astronomy Domine», ein Syd Barrett-song som ikkje hadde vore framført sidan tidleg på 1970-talet. Songen vart spelt for å hylle den tidlegare frontfiguren.
I motsenad til Delicate Sound of Thunder vart det ikkje spelt inn ekstra musikkspor i studio for å pynte på resultatet. Enkelte stader vart derimot gitarsoloar og vers klippa ut frå ein versjon av ein song, og inn i ein annan, sidan dei fleste konsertane i Europa vart tatt opp på band.
Utgjeving I USA deburterte P*U*L*S*E på første plass på den amerikanske Billboardlista og selde raskt til dobbel platina (2 mill. eksemplar) i løpet av juli 1995.
Kassettutgåva hadde med to bonusspor: «One of These Days» og eit 22 minutt langt stykke med lydar som vart spelt før konsertane i 1994. Vinylutgåva kom i ein boks med 4 LPar, og inkluderte òg «One of These Days» i tillegg til ei stor utgåve av boka med bilete. Filmversjonen innaheldt òg «Take It Back» og songane er i ei anna rekkfølgje og tatt frå forskjellige framføringar.
Plateomslag Tidlege CD-utgåver kom med ein blinkande, raud lysdiode på sida av boksen, som blinka i same takt som hjarteslaga i byrjinga av The Dark Side of the Moon. Det vart sagt at lyset hadde nok batteri til å blinke i 18 månadar, men visstnok skal nokon framleis blinke. Seinare CD-utgåver hadde ikkje det blinkande lyset.
Innhald CD-utgåve
Medverkande Pink Floyd David Gilmour – solovokal, gitar Nick Mason – trommer Richard Wright – klaverinstrument, korvokal, solovokal på «Astronomy Domine», «Time», and «Comfortably Numb» Andre medverkande Guy Pratt – bass, korvokal, felles solovokal på «Run Like Hell» Jon Carin – klaverinstrument, korvokal, felles solovokal på «Hey You» Sam Brown – korvokal, første vokalist på «The Great Gig in the Sky» Durga McBroom – korvokal, andre vokalist på «The Great Gig in the Sky» Claudia Fontaine – korvokal, tredje vokalist på «The Great Gig in the Sky» Tim Renwick – gitar, korvokal Dick Parry – saksofon Gary Wallis – perkusjon
Salslister og salstrofé
Salslister Liste (1995)PlasseringSpanske album (AFYVE)5
Årslister
Liste (1995)PlasseringDen tyske albumlista18
Salstrofé
Volkswagen Turnéen vart sponsa i Europa av Volkswagen, som og laga ein eigen versjon av bilen Golf Pink Floyd. Bilen vart gjeve i premie ved kvar konsert. Bilen var ein standard Golf med ein Pink Floyd-logo og svært godt stereoanlegg. I tillegg hadde han den mest miljøvennlege motoren.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pulse (album)» frå , den 24. desember 2006.
Kategori:Plateomslag av Storm Thorgerson Kategori:Album produserte av David Gilmour Kategori:Album produserte av James Guthrie Kategori:Konsertalbum av Pink Floyd Kategori:Konsertalbum frå 1995 Kategori:Columbia Records-album Kategori:EMI Records-album Kategori:Nummer-ein-album i Australia Kategori:Nummer-ein-album i Austerrike Kategori:Nummer-ein-album i Belgia Kategori:Nummer-ein-album i Canada Kategori:Nummer-ein-album i New Zealand Kategori:Nummer-ein-album i Frankrike Kategori:Nummer-ein-album i Tyskland Kategori:Nummer-ein-album i Nederland Kategori:Nummer-ein-album i Sveits Kategori:Nummer-ein-album i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-album i USA