Artocarpus camansi er ein art av mellomstore tre i morbærfamilien. Han er ein vill opphavsart til brødfrukt, A. altilis, og er òg kjend som «breadnut» eller «seeded breadfruit».

Arten stammar frå Ny-Guinea, Molukkane og Filippinane. Både frukt og frø er etande etter varmebehandling.

Skildring mini|Artocarpus camansi-frukter i Trinidad og Tobago. mini|Artocarpus camansi-frukt Brødnøttreet blir opptil 35 meter høgt. Blada er 40-60 centimeter lange og 25-45 cm breie, og er parflika. Planta er sambu der hann- og hoblomar blir danna ved toppen av greinene. Kvar hannblome har to støvberarar, og er klubbeforma. Tusenvis av individuelle hannblomar er grupperte saman i ein blomestand med ein diameter på 3 cm og ei lengd på 25-35 cm.

Frukta er rund med ein gulgrøn farge, og veg typisk . Fruktene er 16-20 cm lange og 8-15 cm breie. Eit vakse tre kan danna 600–800 frukter per år. Når frukta er mogen er fruktkjøtet kvitleg, og har søt smak og lukt. Det meste av frukta er frø. Talet på frø kan variera frå 12 til 150 per frukt, og kvart frø veg rundt 7-10 gram. Frøa blir normalt spreidde av flygehundar og andre pattedyr.

Liknande artar Artocarpus camansi kan skiljast frå den nærskilde arten A. altilis  (brødfrukt) ved å ha meir tornete frukt med mange frø. Han kan skiljast frå A. mariannensis ved at denne har mørkegrøne, langvorne frukter med mørkare gult kjøtt, og heile eller grunt flika blad.

Taksonomi Arten blei fyrst skildra i 1837 av den spanske munken og botanikaren Francisco Manuel Blanco frå specimen på Filippinane. Artsnamnet er avleidd frå tagalog-namnet kamansi.

Andre vanlege namn for planten inkluderer chataigne, «tropisk» castaña (fransk og spansk for ein slags kastanje kasta), kapiack i Ny-Guinea, katahar i Guyana, kluwih i Indonesia, sukun biji i Malaysia, kos-del, gamasi på makassaresisk, (කොස්දෙල්) på Sri Lanka, pan de fruta i Dominikanske republikken (elles spansk for slektningen brødfrukt), lappin på Haiti og pana de pepita på Puerto Rico.

Utbreiing og habitat Artocarpus camansi er truleg endemisk for Ny-Guinea, Malukuøyane og Filippinane. Tvitydigheit om opphavet til denne planten er resultatet av spreiing og domestisering av fleire artar av brødfrukt, inkludert A. camansi , ettersom austronesiske sjøfolk spreidde seg frå øy til øy i Stillehavet. Artocarpus altilis, brødfrukt, er truleg ein domestisert etterkommar av A. camansi  som er blitt selektivt avla av polynesiarar til å bli hovudsakleg frølaus.

Arten finst vanlegvis i tropiske miljø i låglandsområde på høgder frå 0 til 1,550 moh., langs overflauma elvebreidder og i ferskvassmyrer. Planten veks best i årlege temperaturar på 15-40 °C i djup, veldrenert jord med nøytral til basisk jord.

Bruk A. camansi har ifølgje ei kjelde «høg næringsverdi,men det er ein undeutnytta matkjelde.» Sjølv om frukta ikkje er like vanleg å eta som brødfrukt, er ho ei viktig avling på Ny-Guinea, der ho er basiskost. Vanlegvis blir frukta eten umogen; tynnskorne skiver blir kokt i suppe. På Filippinane blir ho, som brødfrukt, jackfruit og antipolo), vanlegvis tilreia med kokosmjølk, tilsett krydder og eten som ginataang kamansi. I Sør-Asia og Karibia blir ho eten i karrirettar. Frøa er òg av økonomisk verdi i Karibia, Mellom- og Sør-Amerika, fordi dei smaker som kastanje. Til dette føremåle kan ein rista, koka eller konservera frøa, eller tilverka dei til pasta, smør, mjøl eller olje.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Artocarpus camansi» frå , den 18. august 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Morbærfamilien