Saltaseglar (Cypseloides rothschildi) er ein monotypisk medlem av seglarfamilien (Apodidae) som lever i eit avgrensa område i Argentina og Bolivia.
Slektsnamnet Cypseloides kombinerer det greske ordet cypsel, kýpselos som betyr «seglar» med oides, -oeidēs som betyr «som liknar». Artsnamnet rothschildi heidrar den engelske ornitologen Lionel Walter Rothschild (1868–1937).
Skildring Saltaseglar er ein mellomstor seglarart, omtrent 15 cm lang. Han har lange, breie venger og ein kort, rett avkutta hale. Fjørdrakta har einsfarga, mellombrun farge.
Saltaseglarar lever i eit belte mot austsida av Andesfjella frå Chuquisaca-departementet og Santa Cruz-departementet i sentrale Bolivia i nord, sørover til Nordvest-Argentina, gjennom Jujuy, Salta og vestlegaste Formosa så langt sør som til Córdobaprovinsen i Argentina. Habitatkravet for arten er ikkje godt kjent. Dei fleste observasjonane av denne arten har vore over eviggrøne fjellskogar i høgder mellom 500 og 2000 meter over havnivå i Argentina.
Saltaseglaren ser ut til å vere ein standfugl i mesteparten av utbreiingsområdet, sjølv om han kan overvintre i den nordlege enden av det.
Som alle seglarar er saltaseglar ein insekteter som beitar i flukt, men ingen detaljar om kosthaldet er kjent.
Status I 2023 kategoriserte Birdlife International denne arten som ein livskraftig art.
Kjelder
Referansar
Første versjon av denne artikkelen var ei omsetjing av «Rothschild's swift» frå , den 16. august 2026
Bakgrunnsstoff
Kategori:Seglarfamilien Kategori:Fuglar i Bolivia Kategori:Fuglar i Argentina