Irving Langmuir () var ein amerikansk kjemikar og fysikar. Han var tilsett hos General Electric mellom 1909 og 1950 og gjorde ei rekkje framsteg innan fysikk og kjemi. Han fann opp den gassfylte glødelampen og hydrogensveiseteknikken. Langmuir blei tildelt Nobelprisen i kjemi i 1932 for arbeidet sitt innan overflatekjemi.

Vitskapleg arbeid Langmuir sitt fyrste bidrag til vitskapen kom gjennom studiane hans av glødelampar, som var ein fortsetting på doktoradvhandlinga hans. Betringa hans av vakuumteknikken førte til oppfinninga av radiorøyret. Eit år seinare oppdaga han og kollegaen hans Lewi Tonks at livslengda til wolframglødetråden auka kraftig då lampen blei fylt med ein edelgass, som argon. Denne oppdaginga er blitt svært viktig for den moderne glødelampen.

Prisar og utmerkingar (utval)

1928 - Perkinmedaljen

Langmuir blei vald inn som utanlandsk medlem nummer 780 i Kungliga Vetenskapsakademien i 1937.

Sjå òg

Langmuirsirkulasjon Langmuir-Hinshelwood-kinetikk

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Irving Langmuir» frå , den 12. august 2026.

Kategori:Folk frå New York City Kategori:Nobelprisen i kjemi Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:USA-amerikanske kjemikarar