Joinville er den største byen i Santa Catarina, i sørlege Brasil. Han er den tredje største kommunen i sørregionen i Brasil, etter dei mykje større delstatshovudstadane Curitiba og Porto Alegre. Joinville er òg eit stort industrielt, finansielt og handelssenter.

Byen har ein svært høg Human Development Index (0,809) blant brasilianske kommunar, og er på 21. plass nasjonalt, med ein av dei høgaste levestandardane i Latin-Amerika. Ein studie viste at Joinville var den andre beste byen å bu i i Brasil.

I 2020 var folketalet i Joinville estimert til 597 658, mange av dei av portugisisk, polsk, austerriksk, tysk, sveitsisk, tsjekkisk og italiensk ætt. Metropolområdet hadde 1.340.997 innbyggjarar i 2010, ifølgje folketeljinga til IBGE, og er dermed det mest folkerike metropolområdet i Santa Catarina.(( Radar Sul )) História da Cidade de Joinville - Santa Catatina - SC - Brasil

På grunn av utviklinga av byen og ein relativt god infrastruktur har Joinville blitteit viktig senter for arrangement og forretningskonferansar. Byen er òg setet til Den katolske erkebiskopen i Joinville.

Historie venstre|mini|Dona Francisca (1886). Tysk koloni i Joinville under regjeringstida til keisar Pedro II av Brasil. Området rundt Joinville var folkesett av guaranifolk i kring 7000 år.

Frå 1851 til 1888 tok byen imot 17 00<0 tyske innvandrar.(( Radar Sul )) História da Cidade de Joinville - Santa Catatina - SC - Brasil

Stifting mini|Eit bindingsverkhus er ei arv etter den germanske kolonialiseringa. Byen Joinville blei grunnlagd av tyske, norskeSæther, Steinar A. (2015). og sveitsiske busetjarar den 9. mars 1851. Innvandrar frå Noreg utgjorde ei gruppe menn med fleire yrkeskvalifikasjonar, som tømrarar, murarar, bakarar, landbrukarar og til og med ein dyrlege og ein lege. Mange av dei fyrste norske busetjarane blei sjuke av dysenteri, tyfoidfeber og andre sjukdomar. I det fyrste brevet heim, frå juli 1851, forklarte forfattaren at «berre» fire nordmenn var døde hittil: Simon Hansen frå Helgeland, Lars C. Steensem frå Ytterøy, Hans Petter Luttersen frå Horten og Martin Nordby frå Larvik. Mellom 1851 og 1852 forlet 41 nordmenn Joinville, og sju døydde.Lund, Fredrik Larsen (2017). Norske utposter. Vega forlag. Side 158. .

Ein monument blei reist av Rio Cachoeira i sentrum av byen i 2001, til ære for dei norske, sveitsiske og tyske busetjarane.

Geografi mini|Storm over Joinville Joinville ligg nordaust i Santa Catarina, nær Atlanterhavet, og blir kryssa av elva Cachoeira. Byen ligg ikkje langt unna grensa til delstaten Paraná og delstatshovudstaden hans Curitiba. Byen er omringa av kommunane Garuva, São Francisco do Sul, Arakvari, Guaramirim, Schroeder, Jaraguá do Sul og Campo Alegre.

Byen har ei hamn ved Babitonga-bukta, som fører til Atlanterhavet og tilbyr ei viktig rute for eksport av varer. I 2006-07 var det offentlege diskusjonar om å oppretta eit Baía da Babitonga naturreservat for å administrera mangrovane, fiske og akvakultur i bukta. Dette blei avvist av politikarar og forretningsmenn, som var urolege for påverknaden på planlagde prosjekt i området, inkludert ei hamneutbygging.

Klima Joinville har eit fuktig subtropisk klima (Cfa i Köppen si klimaklassifisering). I nokre sjeldne tilfelle blir Joinville ramma av syklonar frå Sør-Atlanteren, der den mest kjende er syklonen Catarina frå 2004. Sjølv om Joinville ligg utanfor tropane, på grunn av den låge høgda og nærleiken til Atlanterhavet, har området relativt lite temperaturskilnad gjennom året. Kvar månad har gjennomsnittlege temperaturhøgder på over 20 °C (68 . sentrum|mini|1024x1024pk|Utsyn over Joinville.

Kultur mini|Bygningar i tysk stil ved hovudinngangen til byen. Joinville er vertstad for Festival de Dança de Joinville (Joinville dansefestival), verdas største dansetilstelling. som blir halde kvart år i juli.26º Festival de Dança de Joinville Joinville er den einaste byen utanfor Moskva som har ein skule for den kjende russiske Bolsjojballetten. Byen har ein katolsk biskop, fleire lutherske kyrkjer (eit av dei største slike kyrkjesamfunna i Brasil), ein botanisk hage og ein dyrehage. Parkar og fleire strender ligg mindre enn ei times køyring frå byen. Joinville har òg fleire museum, inkludert sykkelmuseet MUBI.MUBI - O Museu da Bicicleta de Joinville (in Portuguese) høgre|mini|Det nasjonale innvandrings- og kolonieringsmuseet.

Demografi Europeiskætta brasilianarar utgjer mesteparten av innbyggjarane, og har som regel opphav frå Sør- og Mellom-Europa. Ein minoritet av folkesetnaden (23,6 %) er klassifisert som svart eller pardo (blanda ætt med brun hudfarge). Rase/hudfargeProsentdelTalKvite76,0 %468 401Blanda19,5 %120 284Svart4,1 %25 532Asiatar0,3 %1 599Urfolk0,1 %463 Kjelde: folketeljinga i 2022.

Religion ReligionProsent TalKatolikkar73,26 %314 729Protestantar22,49 %96 632Ingen religion2,01 %8 656 Kjelde: IBGE 2000.Sistema IBGE de Recuperação Automática - SIDRA

Utdanning mini|Rolf Colin offentlege bibliotek. Engelsk og spansk er del av den offisielle læreplanen i vidaregåande skular. Sidan ein stor del av innbyggjarane i Joinville er av tysk ætt, blir det òg undervist i dette ved nokre skular.

Høgskular og universitet

Den føderale universitetet i Santa Catarina Den føderale instituttet i Santa Catarina Universidade do Estado de Santa Catarina

Transport høgre|mini|Joinville lufthamn.

Flyplass Joinville-Lauro Carneiro de Loyola Airport (IATA-kode: JOI) er ein mindre flyplass i Sør-Brasil, og tener berre innanlandsk flytrafikk. Han ligg 13 km frå sentrum.

Bussar Byen er betent av Harold Nielson busstasjon.

Fotball

Joinville Esporte Clube er ein lokal fotballklubb.

Alexandr Fier, stormiester i sjakk Eduardo Fischer, symjar Jovani Furlan, ballettdansar Luma Grothe, modell Maurício Gugelmin, racerbilførar Juarez Machado, målar Ana Lúcia Martins, politikar Ana Cláudia Michels, modell Vitor Miranda, kampsportutøvar Marcia Narloch, maratonløpar Daniel Orzechowski, symjar Gabriel Sara, fotballspelar Tiago Splitter, basketballspelar

Sjå også

Kolonie-Zeitung, den fyrste avisa trykka i Joinville (på tysk)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Joinville» frå , den 11. august 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1851 Kategori:Byar i Brasil