mini|Ein del av samlinga Norsk utvandrermuseum, som ein periode heitte Migrasjonsmuseet, er eit museum og forskingssenter for norsk utvandrarhistorie. Museet ligg på Åkershagan i Ottestad i Stange, og er ein del av Anno museum.
Museet har ei historisk samling bygningar på eit friluftsområde. Samlinga omfattar åtte bygningar frå Midtvesten i USA.
Norsk utvandrermuseum har eit internasjonalt omfang og mangesidige mål for aktivitetane sine. Museet skal auka kunnskapen om migrantar og norsk utvandring, innvandring og heimvandring. Det skal kasta lys på bakgrunnen til dei utvandra, tilpassing og utvikling i landa der dei slo seg ned og sambandet deira med heimlandet. I samsvar med dette samlar museet historiske data, tar vare på innsamla materiale, driv forsking om emnet og formidlar kunnskap gjennom utstillingar, publikasjonar, foredrag og alle andre tilgjengelege media.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Norsk utvandrermuseum» frå , den 8. august 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byggverk i Stange Kategori:Kultur i Stange Kategori:Museum i Innlandet Kategori:11°E Kategori:60°N