mini| Ried im Oberinntal er ein kommune i distriktet Landeck i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 26,5 km² og hadde 1365 ibuarar i 2026. Folketalet har vore stigande dei siste tiåra.

Landsbyen Ried ligg 876 meter over havet, omkransa av opp mot 3 000 meter høge fjell i aust. Om lag halvdelen av kommunen er skogkledd, ein femtedel er beitemark og ca 6 prosent er jordbruksland.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ried im Oberinntal» frå , den 6. august 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kommunar i Tirol