Albert Productions er ei avdeling av musikk- og innspelingsselskapet Albert Music, og eit av dei lengstlevande uavhengige plateselskapa i Australia som spesialiserer seg på rock'n'roll. Merket blei grunnlagt i 1963 av Ted Albert, som hadde eit musikkforlag i Sydney, J. Albert & Son.

På 1960-talet fungerte Albert Productions på same måte som liknande selskap, som dei grunnlagde av plateprodusentar som Joe Meek, Phil Spector og Shel Talmy. Vanlegvis oppdaga og signerte desse selskapa nye pop-artistar og grupper, produserte innspelingane deira sjølvstendig, og leigde deretter ut det ferdige produktet til etablerte plateselskap, som tok for seg utgjeving, distribusjon og promotering.

Ted Albert signerte to av dei viktigaste australske gruppene på midten av 1960-talet, Billy Thorpe & The Aztecs og The Easybeats. Dei blei utgjevne gjennom ein avtale med EMI-delselskapet Parlophone og inkluderte nokre av dei største australske hittane det tiåret. Dei fleste var produserte av Albert sjølv og Shel Talmy.

Alberts er lokal utgjevararar for Famous Music UK, EMI Virgin, Bug Music, Irving Berlin og Concord.

Kjende artistar mini|AC/DC sin Highway to Hell.

AC/DC Cheetah Rose Tattoo Paulini Megan Washington Minus The Bear Acidtone The Seabellies The Basics Shelley Harland Eulogies Bad Veins The Dears Darker My Love Sea Wolf Billy Thorpe & The Aztecs Breed 77 Dallas Crane George Young Graham Lowndes happylife Harry Vanda Red Top Matches Aleesha Rome John Paul Young Madden & Harris Oblivia Skybombers Stevie Wright The Choirboys The Answer The Easybeats The Marcus Hook Roll Band The Missing Links The Throb The Angels San Cisco William Shakespeare (John Cave)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Albert Productions» frå , den 20. juli 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:APRA Award-vinnarar