mini|Talg laga av kalveister. Talg er eit materiale laga av feitt frå storfe og sau (ister). Det inneheld hovudsakleg glyseryl-esterar av oljesyre, palmitinsyre og stearinsyre.
I motsetnad til ister kan talg oppbevarast lenge utan å vere nedkjølt. Det føreset at talga er oppbevart i ein lufttett behaldar for å hindre oksidering. Ved oksidering / harskning blir det mellom anna danna smørsyre med ei kraftig gulfarge og beisk smak.
Talg blir nytta til å framstille såpe, i matlaging, som fuglemat og vart tidlegare nytta til å lage talglys. Talg kan nyttast som eit av råmateriala i produksjon av biodiesel, men denne byrjar då å stivne alt ved +16 grader. 1.4. Drivstoff og egenskapene til biodiesel (s. 3)
Historisk var talg ei mangelvare på Austlandet, men nødvendig til opplysing. Berre i løpet av to månader i 1744 tok Kongsberg sølvverk imot 16 200 kilo talg til bruk i gruvegangane, frakta vestfrå over Hardangervidda på kløvhest.Claus Helberg: Til fots i fjellet (s. 80), 1993, ISBN 82-90339-35-6
Kjelder
Kategori:Dyrefeitt Kategori:Matfeitt