Ian Stewart () er ein skotsk tidlegare langdistanseløpar som i 1969 vart europameister på 5 000 meter og i 1975 verdsmeister i terrengløp.

Aktiv I mars 1969 vann Stewart 3 000 meter under innandørs-EM i Beograd på 7.55,4. Eit halvt år seinare tok han gullmedaljen på 5 000 meter med 13.44,8 under EM i friidrett 1969 i Aten. Sommaren 1970 sette han europarekord på distansen med tida 13.22,8 då han triumferte ved samveldeleikane i Edinburgh, lagkameraten Ian McCafferty vart nummer 2, medan kenyanske Kipchoge Keino vart tredjemann og verdsrekordhaldaren Ron Clarke enda på femteplass.

I 1971 var Stewart skadeplaga. Under dei olympiske leikane året etter var han med tetfeltet i finalen på 5 000-meteren. Løpet enda med ein langspurt der Finlands Lasse Virén vann, føre Mohammed Gammoudi frå Tunis, med Stewart tok bronsemedaljen på 13.27,6, eitt sekund bak Virén.

Januar 1974 enda Stewart på femteplass på 5 000 meter og sjetteplass på 10 000 meter ved samveldeleikane i Christchurch. Eitt år seinare vann han 3 000 meter i innandørs-EM 1975 i Katowice, framom finske Pekka Päivärinta. Helga etter triumferte Stewart på 12 km ved verdsmeisterskapen i terrengløp i Rabat, sekundet føre spanske Mariano Haro. Under Sommar-OL 1976 i Montreal vart Stewart nummer 7 på 5 000 meter med tida 13.27,6, same tid som han fekk i München fire år tidlegare.

I 1977 sette Stewart verdsrekord i  10 miles landevegsløp med tida 45.13 minutt.

Kjelder

World Athletics Denne artikkelen bygger på «Ian Stewart (runner)» frå , den 6. juli 2026.

Kategori:Britiske langdistanseløparar Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Folk frå Birmingham