John Thomas Pennel () var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som fire gongar forbetra verdsrekorden i stavhopp.

Aktiv Pennel, som sette personleg rekord med 4,58 meter i 1962, hadde i 1963 stor framgang med glasfiberstaven. I byrjinga av sesongen klarte han etter tur 4,95 m og deretter 4,98 m. Den 5. august 1963 i London tok han seg over 5,13 meter og forbetra den to månader gamle verdsrekorden med fem centimeter. Allereie 24. august i Coral Gables flytta han rekorden til 5,20 m.

OL-sesongen 1964 tok landsmannen Fred Hansen over som verdsrekordhaldar. Denne vart olympisk meister i Tokyo, Pennel vart der ikkje betre enn nummer 11 med 4,70 m. Sommaren 1965 vart Pennel amerikansk meister og han sigra ved universiaden i Budapest med eit hopp på 5,00 m.

23. juli 1966 i Los Angeles smaug Pennel seg over 5,34 meter, to centimeter høgre enn landsmannen Bob Seagren sin ferske verdsrekord. Dei to deltok begge i den uvanleg spanande OL-finalen 1968 i Mexico-byen. Her stoppa Pennel på 5,35 m og vart femtemann, medan Seagren kneip gullmedaljen ved å gå over 5,40 m i sitt andre forsøk og med færre riv enn vesttyske Claus Schiprowski.

Sommaren 1969 den 21. juli i Sacramento hoppa Pennel livsbeste 5,44 meter og sette ny verdsrekord i stavhopp for fjerde gong. Han la opp i 1970, hemma av skade.

Kjelder

World Athletics Denne artikkelen bygger på «John Pennel» frå , den 28. juni 2026.

Kategori:Stavhopparar frå USA Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968