mini|Busetnad langs Saint Lawrence-elva i Quebec i Canada utvikla seg som randbusetnad, noko som framleis er tydeleg i Champlain.
mini|Kart som viser randbusetnad langs Raveien, tidlegare E18, i Stokke i Sandefjord kommune. Randbusetnad er ein type busetnad som finst langs ei linje, typisk langs ein veg, men også langs elvar, kanalar, jernbanelinjer og trikkelinjer. Andre kan bli danna på grunn av fysiske stengsel, som kystliner, fjell, åsar elelr dalar. Randbusetnad har ofte ikkje noko klart sentrum.
Særskilde typar randbusetnad og nemningar på dei er gatelandsby, linear village, chain village, street village, ;"Poland Population Distribution" , , , , osb. Nemninga blir brukt av geografar og vegingeniørar.
Historie Det var typisk for byutviklinga på 1800- og 1900-talet at det blei bygd nytt langs innfartsvegar til byane. Bygga kunne fungera som bustader, men òg husa ulike typar næringsverksemd. Typiske næringar på 1800-talet, då hestekøretøy dominerte, var m.a. smedar, hovslagarar og vognmann-forretningar. På 1900-talet, då bilane stadig auka i tyding for transporten, endra næringsverksemda seg til bensinstasjonar, kioskar, daglegvarebutikkar og serveringsstadar for snøggmat.
Det mest typiske trekket ved randbusetnad er at enkelteigedomar har direkte utkøyring på vegen. Deretter vaks gjerne trafikken på vegen, som både skulle dekka behovet for den lokale trafikken til fots eller på sykkel, og gjennomgangstrafikken som på midten av 1900-talet var eit stadig aukande tal bilar. Randbusetnad skapte på denne måten ei uheldig blanding av ulike typar trafikk, som i sin tur førte til mange ulukker. Strekningar med slik busetnad fekk status som ulukkesutsette.
Tiltaka er i fyrste rekkje fartavgrensing for biltrafikken; sikring av mjuke trafikantar med fortau, eventuelt gang- og sykkelveg. Ytterlegare tiltak er bygging av ny veg utanom.
Døme Gamle E18 i Vestfold har mange typiske døme på randbusetnad, blant anna tettstaden Verningen, og langs Raveien i Stokke som i dag er ein del av Sandefjord kommune.
Sułoszowa i Polen er kjend for å liggja langs ei 9 km lang, einskild hovudgate med tynne striper av jordbruksland inntil. Her bur det rundt 3500 folk.
Det er gjort framlegg om nye byar og distrikt langs ei linje, som av Arturo Soria y Mata i 1882, som inspirerte Ciudad Lineal-distriktet i Madrid, av Michael Graves og Peter Eisenman i 1965 og The Line i Saudi-Arabia.
Kjelder
Trafikksikkerhetsboken. Statens vegvesen. Denne artikkelen bygger på «Randbebyggelse» frå , den 20. juni 2026.
Denne artikkelen bygger på «Linear settlement» frå , den 20. juni 2026.
Kategori:Busetnadsgeografi Kategori:Vegar