Nasaret (arabisk النَّاصِرَة, an-Nāṣirah; hebraisk נָצְרַת, Natz'rat) er den største byen i Nord distrikt i Israel. Nasaret er kjend som «den arabiske hovudstaden i Israel» med ein folkesetnad som hovudsakleg består av arabarar, som nesten alle er muslimar (69 %) eller kristne (30,9 %). I følgje Det nye testamentet er byen staden Jesus voks opp, og er dermed eit senter for kristne pilegrimar, med mange heilagdomar basert på hendingar i Bibelen.

Etymologi Nasaret er ikkje nemnt i før-kristne tekstar og finst i mange forskjellige greske former i Det nye testamentet. Det finst ingen konsensus om kva som er opphavet til namnet. Ein teori er at «Nasaret» kjem frå eit av dei hebraiske orda for ‘kvist’, nemleg ne·ṣer, נֵ֫צֶר, og siktar til dei profetiske og messianske orda i Jesaja 11:1, «Ein kvist (netzer) skal skyta opp frå Isais stubbe, og eit skot skal spira fram frå hans røter.» Eit syn indikerer at dette toponymet kan vere eit døme på eit stammenamn nytta av dei folka som slo seg ned her etter dei kom attende frå perioden i eksil.Bargil Pixner, sitert i Paul Barnett, Jesus & the Rise of Early Christianity: A History of New Testament Times,InterVarsity Press, 2002 s.89,n.80. Alternativt kan namnet kom frå verbet na·ṣar, נָצַר, «vakt»Merrill, Selah, (1881) Galilee in the Time of Christ, s. 116.Francis Brown, S. R. Driver, Charles A. Briggs, The Brown-Driver-Briggs Hebrew and English Lexicon (1906/2003), s. 665. og forstått anten som eit «vakttårn» eller «vaktplass», og impliserer at den tidlege byen kan ha lege på ein åstopp, eller i den passive forma vore «verna» i høve den avsidesliggande plasseringa.R.H.Mounce, 'Nasaret,' in Geoffrey W. Bromiley (red.) The International Standard Bible Encyclopedia, Vol.3 Eerdmans Publishing 1986, s.500-501. Den negative referansen til Nasaret i Evangeliet etter Johannes indikerer at dei gamle jødane ikkje knytte bynamnet til profetiar.Bauckham, Jude, Jude, Relatives of Jesus in the Early Church, s. 64-65. Sjå Joh 1:46 og Joh 7:41-42.

Ein annan teori meiner at den greske forma Nazara, nytta i Matteus og Lukas, kan kome frå ei tidlegare arameisk form av namnet, eller ei anna semittisk språkform.Carruth, 1996, s. 417. Om det var ein tsade (צ) i den originale semittiske forma, som i seinare hebraiske former, ville namnet normalt ha blitt transkribert på gresk med ein sigma i staden for ein zeta. Dette har ført til at somme forskarar har sett spørsmålsteikn ved om «Nasaret» og dei beslekta orda i Det nye testamentet faktisk referer til staden me tradisjonelt kjenner som Nasaret i Nedre Galilea.T. Cheyne, «Nazaret,» i Encyclopaedia Biblica, 1899, kol. 3358 f. For ein gjennomgang av spørsmålet sjå H. Schaeder,Nazarenos, Nazoraios, i Kittel, «Theological Dictionary of the New Testament,» IV:874 f.

Det arabiske namnet an-Nāṣira Det arabisk namnet på Nasaret er an-Nāṣira, og Jesus (arabisk يَسُوع, Yasū` eller arabisk عِيسَى, `Īsā) vert òg kalla an-Nāṣirī, og syner den arabiske tradisjonen med å gje folk ein nisba, eit namn som syner frå kva geografisk stad eller stamme ein person kjem frå. I Koranen vert kristne kalla naṣārā, som tyder «følgjarar av an-Nāṣirī,» eller «dei som følgjer Jesus.»

Historie

Antikken Arkeologiske undersøkingar har avdekt eit eit grav og kultsenter i Kfar HaHoresh, kring 3 km frå den noverande Nasaret, datert til kring 9000 år sidan i før-keramikk yngre steinalder B.Goring-Morris, A.N. «The quick and the dead: the social context of Aceramic neolithic mortuary practices as seen from Kfar HaHoresh.» I: I. Kuijt (ed.), Social Configurations of the Near Eastern Neolithic: Community Identity, Hierarchical Organization, and Ritual (1997). Ein har funne leivningane etter 65 personar, som vart gravlagd under store horisontale gravsteinsstrukturar, og somme som bestod av opp til tre tonn med lokalt produsert kvit gips. Dekorerte hovudskallar avdekte der har gjort at arkeologar har identifisert Kfar HaHoresh som eit stort kultsenter på den tida.

I 1620 kjøpte den katolske kyrkja eit område i Nasaret som målte 100 gangar 150 meter på sida av ein ås kalla Nebi Sa'in. Den fransiskanske presten Bellarmino Bagatti, «direktør i kristen arkeologi», utførte store utgravingar på dette «æra området» frå 1955 til 1965. Bagatti avdekte keramikk datert frå mellombronsealderen (2200 til 1500 fvt.) og keramikk, siloar og møller frå jernalderen (1500 til 586 fvt.) som indikerte ein større busetnad i Nasaret på den tida. Mange på arkeologiske funn frå assyriske, babylonske, persiske, hellenistiske og romerske tider, i det minste i dei store utgravingane mellom 1955 og 1990, syner at staden truleg brått vart avslutta kring 720 fvt., då assyrarane øydela mange byar i området.

Tidleg kristen tid mini|venstre|Historisk bilete av Mariabrunnen. I følgje Evangeliet etter Lukas var Nasaret heimlandsbyen til Maria og der bodskapsdagen gjekk føre seg (då Maria vart fortalt av engelen Gabriel at ho skulle ha Jesus som sonen sin). I Evangeliet etter Matteus flytta Josef og Maria til Nasaret etter å ha kome attende etter flukta frå Betlehem til Egypt. Skilnaden og den mogelege motseiinga mellom desse to sogene i Jesu fødsel er ein del av det synoptiske problemet. Ifølgje Bibelen var Nasaret staden der Jesus voks opp. Men moderne forskarar hevdar òg at Nasaret var fødestaden til Jesus.John P. Meier, A Marginal Jew: Rethinking the Historical Jesus: The Roots of the Problem and the Person,Vol. 1, Doubleday 1991, s.216; Bart D. Ehrman, Jesus: Apocalyptic Prophet of the New Millennium, Oxford University Press, 1999, s.97; E. P. Sanders, The Historical Figure of Jesus, Penguin 1993, s.85.

mini|Bodskapsbasilikaen.

James F. Strange, ein amerikansk arkeolog, skriv: «Nasaret er ikkje nemnt i gamle jødiske kjelder tidlegare enn 200-talet evt. Dette syner at staden må ha vore lite viktig både i Galilea og Judea.»Article «Nasaret» i Anchor Bible Dictionary. New York: Doubleday, 1992. Strange kalkulerte opphavleg at folkesetnaden i Nasaret då Jesus levde var kring «1 600 til 2 000 innbyggjarar» men endra seinare dette talet til «maks kring 480».E. Meyers & J. Strange, Archeology, the Rabbis, & Early Christianity Nashville: Abingdon, 1981; Article “Nasaret” i Anchor Bibelen Dictionary. New York: Doubleday, 1992. I 2009 avdekte den israelske arkeologen Yardenna Alexandre funn i Nasaret som kan vere daterte til tida kring Jesus, tidleg i romersk tid.

Frå verset i Evangeliet etter Lukas: Dei fór opp og jaga [Jesus] ut av byen, mot ein skrent i åssida der byen deira låg. Der ville dei støyta han utfor..Luk 4:29

Evangeliet etter Lukas indikerer at det gamle Nasaret var bygd i ei åsside. Den historiske Nasaret var i røynda bygd i ein dal. Dei vindfulle åstoppane i nærleiken har berre vore busette sidan Nof HaGalil vart grunnlagd i 1957. Frå 800-talet evt. knytte tradisjonen denne hendinga til «Sprang-åsen» (Jabal al-Qafza) med utsikt over Jezreeldalen, kring 3 km sør for Nasaret.Denys Pringle, The Churches of the Crusade Kingdom of Jerusalem, vol.11,L-Z Cambridge University Press, 1998 s.45. Sjå Petersen, 'The Diatessaron and the Fourfold Gospel,' i Charles Horton (ed.)The Earliest Gospels: The Origins and Transmission of the Earliest Christian Gospels, Continuum International Publishing Group, 2004 s. 50-68, 65-66.

I Matteus 2:19-23 står det: «Etter at Herodes var død, synte Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt og sa: «Stå opp, ta barnet og mora og dra til Israels-landet! For no er dei døde, dei som ville ta livet av barnet.» Då stod han opp, tok barnet og mora og fór til Israels-landet. Men då han fekk høyra at Arkelaos hadde vorte konge i Judea etter Herodes, far sin, torde han ikkje fara dit. Han vart varsla i ein draum og fór til Galilea. Då han kom dit, busette han seg i ein by som heiter Nasaret. Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profetane, at han skulle kallast nasarear.»

I Evangeliet etter Johannes spør Natanael: «Kan det koma noko godt frå Nasaret?». Tydinga av dette kryptiske spørsmålet er omdiskutert. Somme forskarar meiner at det indikerer at Nasaret var særs liten og uviktig, men spørsmålet talar ikkje om storleiken til Nasaret, men om det kan kome noko godt der frå. Faktisk vart Nasaret skildra negativt av evangelistane. I Evangeliet etter Markus står det at Nasaret ikkje trudde på Jesus og at han derfor ikkje kunne «gjera noka mektig gjerning der». I Evangeliet etter Lukas vert nasarearane framstilte då dei prøver å ta livet av Jesus ved å kaste han utfor ein skrent. I den ikkje-kanoniske Evangeliet etter Tomas, og i alle dei fire kanoniske evangelia, kan ein lese det kjende uttrykket at «Ein profet blir ikkje vanvørd andre stader enn på heimstaden sin».Det greske ordet patrís(πατρίς) (land) kan òg tyde 'heimstad' som her. D.E.Nineham, Saint Mark, 1963, Penguin Books, s.165. «Evangeliet etter Tomas, 31; Mark 6:4; Matt 13:57; Lukas 4:24; Joh 4:44

Mange forskarar etter William Wrede (i 1901)William Wrede, Das Messiasgeheimnis in der Evangelien(1901), engelsk omsetjing The Messianic Secret, Cambridge: J. Clarke, 1971. har merka seg den såkalla messianske løyndomen i Evangeliet etter Markus, der den sanne karakteren og/eller oppdraget til Jesus blir framstilt som usett av mange, mellom anna følgjesveinane hans. Nasaret, som er heimen til dei nære og kjære til Jesus, har tilsynelatande lidd negativt i forhold til denne doktrinen. Dermed samsvarar spørsmål til Natanael: «Kan det kome noko godt ut av Nasaret?» med eit negativt syn på Nasaret i dei kanoniske evangelia, og med Johannes som skreiv for heller ikkje brørne hans trudde på han.

mini|venstre|Krossfararutskjering i Nasaret. Ei tavle ved Bibliothèque Nationale i Paris, datert til 50 evt., vart send frå Nasaret til Paris i 1878. Det inneheld ein inskripsjon kalla «Vedtektene til Cæsar» som gjev dødsstraff for dei som krenkjer ei grav. Men ein trur at denne inskripsjonen kom til Nasaret frå andre stader (kanskje Sepphoris). Bagatti skriv: «me er ikkje sikre på at tavla vart funnen i Nasaret, sjølv om han kom frå Nasaret til Paris. Det budde fleire antikvarar i Nasaret som hadde gamle gjenstandar frå fleire stader.»Bagatti, B. Excavations in Nasaret, vol. 1 (1969), s. 249. C. Kopp er meir sikker: «Det må aksepterast med visse at vedtektene til Cæsar vart ført til marknaden i Nasaret av handelsmenn utafrå.»C. Kopp, “Beiträge zur Geschichte Nasarets.” Journal of the Palestine Oriental Society, vol. 18 (1938), s. 206, n.1. Jack Finnegan skildrar fleire arkeologiske funn knytte til busetnaden i Nasaret i bronse- og jernalderen, og sa at «Nasaret var ein hovudsakleg jødiske busetnad i romartida.»Jack Finnegan, The Archeology of the New Testament, Princeton University Press: Princeton, 1992, s. 44-46.

mini|Nasaret, 1842 Epifanios nemner Nasaret i hans Panarion (ca. 375 evt.) som ein av byane som ikkje har ein ikkje-jødisk folkesetnad.Epifanios, Panárion 30.11.10, sitert av Andrew S. Jacobs,Remains of the Jews: The Holy Land and Christian Empire in Late Antiquity, Stanford University Press, s.50 n.124, s.127. Epifanios, skreiv om Josef av Tiberias, ein rik romersk jøde som konverterte til kristendom under Konstantin, at han fekk eit krav frå keisaren om å byggje kristne kyrkjer i jødiske byar og landsbyar, der det ikkje budde heidningar eller samaritanarar, og namngav Tiberias, Diocaesarea, Sepphoris, Nasaret og Kapernaum.Frank Williams,The Panarion of Epifanios of Salamis, Bok I (Sects 1-46) E. J. BRILL (1897), rev.ed. 2009, s.140. Frå denne knappe setninga er det konkludert at ei lita kyrkje som omfatta eit grottekompleks, kan ha stått i Nasaret tidleg på 300-talet,Taylor, J. kristne and the Holy Places. Oxford: Clarendon Press, 1993, s. 265. sjølv om byen var jødisk fram til 600-talet.Taylor 229, 266; Kopp 1938:215.