Eiler Hagerup Schiøtz () var ein norsk sorenskrivar frå Stavanger som møtte i 1815/16-Stortinget.

Far hans var sorenskrivar. Sjølv studerte han til cand.jur. Etter eksamen i 1800 var han fullmektig hos far sin i Skånevik. Frå 1807 var Schiøtz sorenskrivar i Sunnfjord, allereie året etter i tilsvarande stilling i Karmsund og Hessbø. I 1815 og -16 deltok han i stortingsforhandlingane som varamann for svigerfaren Gabriel Schanche Kielland. Her var Schiøtz visesekretær i Stortinget og i Odelstinget og medlem i 6 komitear. Frå 1837 var han målar og vrakar i heimbyen Stavanger.

«Han syslet meget med med forskjellige fysikalske og tekniske problemer», skriv Tallak Lindstøl i Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Mellom anna laga han planar for ein redningsbåt som ikkje kunne kantre, og om luftskip som kunne styrast.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1815-1817 Kategori:Stortingsrepresentantar for Stavanger Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Folk frå Stavanger