Lucia (tradisjonelle datoar 283–304) var ein kristen martyr frå Siracusa på Sicilia som blir feira som helgen i den katolske kyrkja med festdag 13. desember.

Den unge kristne jomfrua Lucia lei martyrdøden under keisar Diokletian. Ho blir i kristen kunst framstilt med eit sverd eller ein dolk og eit sår i halsen. Ho kan også halde to augo på eit fat. Grunnen er at legenda seier at ho før ho døydde reiv ut augo sine og sendte dei til han ho var trulova med. Jomfru Maria skal ha gjeve ho eit par nye og enno vakrare augo. Som attributt har ho dessutan ein palmekvist og ei oljelampe eller eit lys i handa.

Lucia er vernehelgen for synskada, sjuke barn, prostituerte som angrar seg, vevarar m.fl.

mini|venstre|Lucia. Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lucia (helgon)» frå , den 19. desember 2006.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Katolske helgenar Kategori:Italienske helgenar Kategori:Sicilianarar