Bob Schul, fullt namn Robert Keyser Schul, () var ein langdistanseløpar frå USA som vart olympisk meister på 5 000 meter under Sommar-OL 1964.
I 1963 vart Schul tredjemann på 5 000 meter ved dei panamerikanske leikane i São Paulo. 5. juni 1964 fekk han notert 13.38,0 då han sigra på distansen i Compton, einast tre sekund etter verdsrekorden til Vladimir Kuts. Året etter reiste Schul til dei olympiske sommarleikane i Tokyo som vinnar av det US-amerikanske uttaket. I leikane vann han 5&mnsp;000-meteren på tida 13.48,8, åtte tidels sekund føre Tysklands Harald Norpoth. I 1964 og 1965 vart Schul nasjonal meister på høvesvis 5 000 meter og 3 miles. I sitt forsøk på å kvalifisere seg til Sommar-OL 1968, enda han på sjetteplass i det US-amerikanske uttaksløpet.
Kjelder
Arbeiderbladet 8. juni 1964 Denne artikkelen bygger på «Bob Schul» frå , den 21. april 2026.
World Athletics
Kategori:Langdistanseløparar frå USA Kategori:Mellomdistanseløparar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960