Shawnacy Campbell Barber () var ein kanadisk friidrettsutøvar som i 2015 vart verdsmeister i stavhopp.
Barber deltok i Friidretts-VM 2013 i Moskva, der han nådde 5,40 meter i kvalifiseringa og rauk ut. To år etter sigra han i øvinga ved dei panamerikanske leikane i Toronto ved å gå over 5,80 m. Ein månad seinare, den 24. august 2015 i Beijing, svinga han seg over 5,90 meter i fyrste forsøk under VM-finalen og kneip gullmedaljen framom tyske Raphael Holzdeppe som trong tre forsøk på same høgda. I eit innandørsstemne i Reno 15. januar 2016 klarte Barber å hoppe over 6 meter for fyrste gong. Under Sommar-OL i Rio de Janeiro stoppa han på 5,50 m og vart nummer 10. Ved Friidretts-VM 2017 i London enda han på åttandeplassen med sine 5,65 meter.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Shawn Barber (pole vaulter)» frå , den 19. april 2026.
World Athletics
Kategori:Canadiske friidrettsutøvarar Kategori:Stavhopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Canada Kategori:Canadiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016