Frantz Bull () var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Tønsberg. Bull representerte Tønsberg i 1833-Stortinget. Han vart vald med ei røyst og ved loddtrekning, ettersom to andre også fekk ei røyst. Valet vart godkjent av stortinget mot 3 røyster. Bull var medlem av komiteen for gasje-, pensjon-, budsjett- og skattestell, og av komiteen om kjøpstadskatten.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar for Tønsberg Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Folk frå Tønsberg