Mohammed Abdel Rahman Abdel Raouf Arafat al-Kidwa al-Husseini, kjend som Yasir Arafat og med dekknamnet Abu Ammar ()Arafat hevda sjølv at han vart fødd 4. august 1929, men etter at fødselsattesten hans vart funnen i Kairo, vart det slått fast at den rette fødselsdatoen hans er 24. august 1929. var ein palestinsk leiar. Han var formann i den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO) og president i dei palestinske sjølvstyresmaktene (PNA),Nokre kjelder brukar tittelen formann framfor president, men det arabiske ordet for begge titlane er det same. og kjempa mot den israelske staten og for palestinsk sjølvråderett. Han brukte mykje av livet sitt på å leie det sekulære, politiske partiet Fatah, som han danna i 1959. Arafat var opphavleg imot Israel sin eksistens, men modifiserte posisjonen sin i 1988, då han aksepterte resolusjon 242 frå tryggingsrådet i FN.
Arafat og rørsla hans opererte frå fleire arabiske land. På slutten av 1960-talet og starten av 1970-talet kjempa Fatah mot Jordan, i det som vart ein kortvarig konflikt. Arafat og Fatah vart pressa ut av Jordan og inn i Libanon, der dei var mål for invasjonane til Israel i 1978 og 1982. Fleirtalet av det palestinske folket, uavhengig av politisk ideologi eller fraksjon, såg på han som ein fridomskjempar og martyr som symboliserte dei nasjonale ynska deira. Mange israelarar såg derimot på Arafat som ein terrorist på grunn av dei mange åtaka gruppa hans gjorde mot sivile.
Seinare i karrieren var Arafat med i ei rekkje forhandlingar med dei israelske styresmaktene, med sikte på å gjere slutt på den fleire tiår lange konflikten mellom Israel og PLO. Forhandlingane inkluderte Madridkonferansen i 1991, Oslo-avtalen i 1993 og Camp David-forhandlingane i 2000. Dei politiske rivalane hans, inkludert islamistar og fleire venstreorienterte PLO-medlemmer, skulda han ofte for å vere korrupt eller for å vere undergjeven i forhandlingane og avtalane med dei israelske styresmaktene. I 1994 fekk Arafat Nobels fredspris saman med Yitzhak Rabin og Shimon Peres for forhandlingane sine i Oslo. På denne tida kom Hamas og andre paramilitære organisasjonar til makta og undergrov autoriteten som Fatah og Arafat hadde gjort krav på.
Seint i 2004, etter å ha vore innesperra i hovudkvarteret sitt i Ramallah i over to år av den israelske arméen, vart Arafat sjuk og fall i koma. Arafat døydde 11. november 2004, i ein alder av 75 år. Dødsfallet skapte stor sorg i det palestinske folket, og det vart spekulert hyppig i media om potensielle dødsårsaker. Den nøyaktige dødsårsaka er framleis ukjend, og sjølv om legane snakka om idiopatisk trombocytopenisk purpura og skrumplever, vart det ikkje gjort nokon obduksjon.
Tidleg liv Fødsel og barndom
Arafat vart fødd i Kairo av palestinske foreldre.Usikkert og omdiskutert. Dei fleste kjeldene, inkludert Tony Walker, Andrew Gowers, Alan Hart og Said Aburish, oppgjev Kairo som fødestaden til Arafat, medan andre oppgjev Jerusalem som fødestad, så vel som Gaza. Sjå her og her for meir informasjon. Nokre trur òg at Jerusalem som fødestad kanskje kan ha vore eit lite kjent rykte som er starta av KGB..Johnston, Elgin H. og Jerold C. Mathews. A History of Palestine 1900–1950, s. 1063. Addison-Wesley, Sydney, Australia, 1978. ISBN 978-0-321-00682-0 Faren hans, Abdel Raouf al-Kidwa al-Husseini, var frå Gaza, og farmora til Yasir var frå Egypt. Far til Arafat arbeidde som tekstilhandlar i det fleirkulturelle distriktet i Kairo, Sakanini. Yasir var den nest yngste av sju born og var (saman med den yngre bror sin, Fathi) det einaste avkomet som vart fødd i Kairo. Mor hans, Zahwa Abul Saoud, døydde av ein nyresjukdom i 1933, då Arafat var fire år gammal.
Den fyrste tilknytinga hans til Jerusalem vart etablert då faren hans, som ikkje var i stand til å oppdra sju barn på eiga hand, sende han og broren hans Fathi til familien til mor deira i det marokkanske kvarteret i Gamlebyen. Der budde dei med onkelen sin, Selim Abul Saoud, i fire år. I 1937 kalla faren dei tilbake for at dei skulle verte tekne hand om av den eldre systera deira, Inam. Arafat fekk eit stadig dårlegare tilhøve til faren sin. Då faren døidde i 1952, møtte ikkje Arafat opp i gravferda. Han besøkte heller ikkje grava til faren før han vende tilbake til Gaza.
Utdanning og den israelske sjølvstendekrigen I 1944 byrja Arafat å studere ved Universitetet til kong Fuad I og tok avgangseksamen i 1950. Han hevda seinare å ha søkt betre forståing for jødedommen og sionismen ved å delta i diskusjonar med jødar og ved å lese publikasjonar av Theodor Herzl og andre framståande sionistar. Samtidig utvikla interessa hans for arabisk nasjonalisme seg, og han byrja å skaffe våpen som skulle smuglast inn i det dåverande Palestinamandatet. Desse skulle brukast av irregulære styrkar i den høgare arabiske komitéen og militsen i heilag krig-arméen.
Under den israelske sjølvstendekrigen i 1948 forlét Arafat universitetet og planla å slutte seg til dei arabiske styrkane i Palestina, i likskap med andre arabarar, for å slåst mot israelske styrkar. I staden for å slutte seg til den palestinske fedayeen, slåst Arafat saman med det muslimske brorskapet, sjølv om han ikkje offisielt var medlem av organisasjonen. Arafat kjempa i Gaza-området (som var hovudslagmarka for egyptiske styrkar under heile konflikten). Tidleg i 1949 vart krigen avslutta, i Israel sin favør, og Arafat drog tilbake til Kairo grunna mangel på forsyningar.
Då Arafat vende tilbake til universitetet, byrja han å studere byggjeteknikk og var president for Den palestinske studentunionen (GUPS) frå 1952 til 1956. I dei fyrste åra hans som president for unionen, vart universitetet omdøypt til Universitetet i Kairo etter at eit kupp der rørsla «dei frie offiserane» hadde styrta kong Faruk I frå trona. På dette tidspunktet hadde Arafat teke avgangseksamen med bachelorgrad i byggjeteknikk for å verte sivilingeniør, og han vart innkalla til teneste for å kjempe med egyptiske styrkar under Suezkrisa. Han deltok likevel ikkje i krigføringa. Seinare same året, på ein konferanse i Praha, kledde han seg i eit heilkvitt palestinaskjerf – dette var eit anna enn det rutete skjerfet han seinare tok i bruk i Kuwait som vart kjennemerket hans.
Namn Det opphavlege fulle namnet til Arafat var Mohammed Abdel Rahman Abdel Raouf Arafat al-Kidwa al-Husseini. Mohammed Abdel Rahman var fornamnet hans, Abdel Raouf var namnet til faren og Arafat var bestefaren sitt. Al-Kidwa var namnet på familien hans, og al-Husseini var klanen som al-Kidwaene høyrde til. Det skal seiast at klanen til Arafat, al-Husseini, var basert i Gaza og han må ikkje forvekslast med den velkjende, men ikkje-relaterte al-Husseini-klanen frå Jerusalem.
Sidan Arafat vart oppdregen i Kairo, var det vanleg å følgje tradisjonen med å utelate namna Mohammed eller Ahmad frå fornamnet. Kjende egyptarar som mellom andre Anwar Sadat og Hosni Mubarak følgde denne praksisen. Arafat sløyfa i tillegg Abdel Rahman og Abdel Raouf frå namnet sitt. På byrjinga av 1950-talet tok han namnet Yasir, og i starten på karrieren sin som geriljasoldat tok han krigarnamnet Abu Ammar. Begge namna er relaterte til Ammar ibn Yasir, ein av dei fyrste følgjesveinane til Muhammed. Han kvitta seg med mesteparten av dei andre namna sine, men heldt fram med Arafat grunna den viktige tydinga det hadde i Islam.
Framveksten til Fatah Danninga av Fatah Som eit resultat av Suezkrisa i 1956 tillét den egyptiske presidenten Gamal Abd al-Nasser, ein av leiarane i «Dei frie offiserane», at UNEF I etablerte seg på Sinaihalvøya og Gazastripa. Dette førte til at alle geriljatroppar eller «fedayeenarar» vart fordrivne derifrå, også Arafat. Arafat prøvde tidleg å skaffe seg visum til Canada og seinare til Saudi-Arabia, men fekk avslag på begge søknadene. I 1957 søkte han visum til Kuwait (som på den tida var eit britisk protektorat) og fekk søknaden godkjend, basert på arbeidet hans innan byggjeteknikk. I Kuwait møtte han to palestinske vener frå Universitetet i Kairo, Salah Khalaf (Abu Iyad) og Khalil Wazir (Abu Jihad), som begge var opne medlemmer av det muslimske brorskapet i Egypt. Saman fungerte dei som den høgre handa til Arafat i det framtidige, politiske engasjementet hans. I 1960 fekk Arafat hjelp av Abu Iyad til å få ein mellombels jobb som lærar.
mini|Det palestinske flagget vart teke i bruk av den palestinske frigjeringsorganisasjonen frå han vart danna i 1964.
Arafat utvikla stadig nye venskap med andre palestinske flyktningar (nokre var kjende frå tida i Kairo), og dei etablerte gradvis gruppa som seinare fekk namnet Fatah. Datoen for danninga av Fatah er ikkje kjend. I 1959 fekk gruppa promotert eksistensen sin i eit nasjonalistisk, palestinsk tidsskrift, Filastununa Nida al-Hayat («Vårt Palestina, kallet til livet»), som vart skrive og redigert av Abu Jihad. FaTaH er eit omvendt akronym av det arabiske namnet Harakat al-Tahrir al-Watani al-Filastini som kan omsetjast med «den palestinske nasjonale frigjeringsrørsla». Ordet 'fatah' vart òg brukt i tidleg islamsk tid, då det viste til «erobring».
Fatah dedikerte arbeidet sitt til frigjering av Palestina gjennom væpna strid, starta av palestinarane sjølv. Dette skilde dei frå andre palestinske, politiske organisasjonar og geriljagrupper, som hovudsakleg hadde sterk tru på ein samla, arabisk respons. Organisasjonen til Arafat batt seg aldri til ideologien til dei store, arabiske, nasjonale styresmaktene på den tida. Dette stod i motsetnad til dei andre palestinske fraksjonane, som vart dominerte av Egypt, Irak, Saudi-Arabia, Syria og andre.
Arafat nekta på generell basis å akseptere donasjonar til organisasjonen frå store arabiske land. Dette var i samsvar med ideologien hans, og eit forsøk på å halde seg uavhengig av dei. Samtidig ynskte han ikkje å distansere seg heilt, og søkte støtta deira ved å unngå alliansar med grupper tilknytte andre ideologiar. I Kuwait jobba Arafat mykje for å etablere eit fundament for dei framtidige finansane til Fatah. Dette gjorde han ved å ta imot bidrag frå dei mange velståande palestinarane som jobba der og i andre gulfstatar som Qatar (der han møtte Mahmoud Abbas i 1961). Bidragsytarane var i hovudsak forretningsmenn og oljearbeidarar, og dei bidrog med kraftig økonomisk støtte til organisasjonen. Arafat gjorde også dette i andre arabiske land, mellom anna i Libya og Syria.
I perioden 1962–1966 innvandra Arafat og dei nærmaste venene hans til Syria – eit land med grense til Israel – som nyleg hadde gått ut av ein union med Egypt under Nasser. I Syria var han i stand til å rekruttere medlemmer i større grad, og omsider byggje opp til væpna kamp mot Israel. Før dette hadde Fatah hatt om lag 300 medlemmer og ingen soldatar. Slagkrafta til Fatah auka gradvis etter at Arafat avgjorde at han ville tilby langt høgare lønningar til medlemmer av den palestinske frigjeringshæren (PLA), militærstyrken i PLO, som vart danna av den arabiske ligaen sommaren 1964. 31. desember same året prøvde al-Assifa, som var den væpna eininga i Fatah på den tida, å infiltrere Israel. Dei vart stoppa og haldne igjen av libanesiske tryggingsstyrkar. Fleire forsøk følgde i ettertid med dei dårleg trena og svakt utrusta krigarane til Fatah. Dette enda i både vellukka og mislukka raid, der fleire av dei var leidde av Arafat personleg.