Steintrastar (Monticola) er ei biologisk slekt i flugesnapparfamilien Muscicapidae. Alle 14 artane høyrer heime i «den gamle verda», samla utbreiingsområde er frå Portugal og Marokko i vest til Sakhalin i aust, og dei fleste artane er knytte til fjellområde.
Taksonomi
Slekta Monticola vart oppretta av den tyske naturforskaren Friedrich Boie i 1822. Typearten for slekta Monticola er Turdus saxatilis Linnaeus, steintrast. Namnet Monticola kjem frå latin og er sett saman av mons, montis «fjell» og colere «å bu, halde til».
Slekta vart tidlegare rekna til trastefamilien (Turdidae), men molekylære fylogenetiske studiar publiserte i 2004 og 2010 viste at artane er nærare i slekt med artar i familien Muscicapidae, flugesnapparar i «den gamle verda».
Skildring Steintrastar er mellomstore sporvefuglar som hovudsakleg et insekt, men som òg kan vere altetande og supplere med f.eks. bær og frukt. Kroppslengde ligg samla sett i området 15-23 cm. Hannfuglar har klåre fargenyansar i blått og raudbrunt til oransje i tillegg til grått og brunt, hoer er i lite iaugefallande grått og brunt. Mest avvikande fjørdrakt er representert av blåtrast (hannfugl) som er fullstendig djupblå, og etiopiaklippeskvett med svart i staden for blått. Etiopiaklippeskvett saman med kvitstrupesteintrast og blåstrupesteintrast har eit breitt kvitt band på vengene.
Galleri
Artsoversyn Medlemmar av Monticola i rekkjefølgje etter AviList v2025: med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:
Slekt Monticola Blåstrupesteintrast, Monticola cinclorhyncha, Blue-capped Rock Thrush, (Vigors, NA, 1831), (LC) Hekkar i Himalaya og overvintrar i India.
Kastanjebuksteintrast, Monticola rufiventris, Chestnut-bellied Rock Thrush, (Jardine, W; Selby, PJ, 1833), (LC) Lever frå Himalaya til Sør-Kina
Kvitstrupesteintrast, Monticola gularis, White-throated Rock Thrush, (Swinhoe, R, 1863), (LC) Hekkar i Søraust-Russland og Nordaust-Kina og overvintrar i Søraust-Asia.
Sølvpannesteintrast, Monticola brevipes, Short-toed Rock Thrush, (Waterhouse, GR, 1838), (LC) Utbreidd i sørvestre Afrika.
Vaktsteintrast, Monticola explorator, Sentinel Rock Thrush, (Vieillot, LJP, 1818), (NT) Sør-Afrika.
Kyststeintrast, Monticola imerina, Littoral Rock Thrush, (Hartlaub, KJG, 1860), (LC) Sørlegaste kyststrøk av Madagaskar.
Ambohitrasteintrast, Monticola erythronotus, Amber Mountain Rock Thrush, (Lavauden, AJL, 1929), (EN) Amberfjella, nordspissen av Madagaskar.
Skogsteintrast, Monticola sharpei, Forest Rock Thrush, (Gray, GR, 1871), (LC) Madagaskar.
Dvergsteintrast, Monticola rufocinereus, Little Rock Thrush, (Rüppell, WPES, 1837), (LC) Lever frå Jemen og sørlegaste Saudi-Arabia til nordlegaste Tanzania
Steintrast, Monticola saxatilis, Common Rock Thrush, (Linnaeus, C, 1766), (LC) Hekkar i Sør-Afrika til Sentral-Asia. Overvintrar i austre Afrika, sør for Sahel
Blåtrast, Monticola solitarius, Blue Rock Thrush, (Linnaeus, C, 1758), (LC) Fragmentert frå sørlegaste Europa til Sakhalin, delvis trekkfugl som overvintrar i Afrika, på Den arabiske halvøya og Det indiske subkontinentet. Fuglar i Europa, Anatolia og Sør-Kina er standfuglar
Etiopiaklippeskvett, Monticola semirufus, White-winged Cliff Chat, (Rüppell, WPES, 1837), (LC) Etiopia.
Kappsteintrast, Monticola rupestris, Cape Rock Thrush, (Vieillot, LJP, 1818), (LC) Sør-Afrika.
Miombosteintrast, Monticola angolensis, Miombo Rock Thrush, Sousa, JA, 1888, (LC) Lever i eit breitt belte frå Angola til mellom anna Mosambik, Botswana og Zimbabwe
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rock thrush» frå , den 31. mars 2026
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Flugesnapparfamilien Kategori:Fuglar i den palearktiske regionen Kategori:Fuglar i den orientalske regionen Kategori:Fuglar i den afrotropiske regionen Kategori:Fugleslekter